Restaurering
Med øks reiste dei bygningsarven
Med øks bygde dei sine hus og sine båtar. Dei felte, kappa og delte tre med øks som einaste bitjarnet. Bygningsarven vår er i stor grad reist med tømmermannsøksa som viktigaste hjelpemiddelet. For dei som vil vøle eldre trebygningar, er det uråd å komme utanom denne reiskapen.
Ei stor bile, med 5–6 tommar (12,5–15 cm) lang egg, er god til å fjerne det som skal vekk av ved på ein rund stokk. Ei liknande øks, men mindre, er standardreiskapen til byggjearbeidet. I midten er ei lettare skogsøks og til høgre ei smaløks til bruk der ei lang egg tek for stor plass.
Alle illustrasjonar: Erik Solheim.
Dei starta med kvass stein, flint og andre mineral. I Kückhoven i Tyskland fann dei ein lafta brunn frå 5090 år før Kristus. I bygningar var det truleg stavar, ståande stokkar, som bar tak og vegger. Når så jarnet kom i bruk – hos oss for alvor opp mot vikingtida – kunne dei lage meir nøye tilemna trestykke. Og dei fekk utretta meir på ein dag. Ein gong i vikingtida stod dei første lafta stovene ferdige i vårt land, og skikken heldt seg godt inn på 1900-talet. Med øks gav dei stokkane form og hogg dei i hop med tette nover og veggflater. Framleis har vi i underkant av 200 tømmerhus frå mellomalderen – og kanskje bortimot ein million lafta bygningar i alt. Å halde denne kulturarven i stand får ingen til utan kvasse økser.
Dei som ikkje har prøvt, trur gjerne at å emne til ein stokk på denne måten, med handemakt, det er eit slit og tek uhorveleg med tid. Med øving kjem dei fleste på andre tankar. Om skogen står nær byggjeplassen, er det neppe mykje tid å spare på å frakte stokkane langt av garde til eit sagbruk om dei skal bli til firkanta stavar, sperrer og liknande. Å lage bord, derimot, er sagarbeid. Rå ved er lett å hogge, og vi ser i gamle hus at dei har valt tre med dimensjonar som var passeleg tjukke til den ferdige stokken. Dei hogg sjeldan skarp kant på stavar, bjelkar og liknande i uthus. På denne måten vart det mindre ved å fjerne, og den ferdige stokken toler større tyngde om yteveden er med. Delane ser òg venlegare ut med avrunda kantar. I lafta ølhus (oppvermde rom) var kravet til funksjon og utsjånad annleis. Om vi har skoren material til nye delar i gamle hus, må vi likevel lage overflatene likt det som elles er i bygningen, med øks eller annan reiskap som ein gong var brukt. Flatene vert glattare og veden flisar seg mindre om vi høgg i rå ved.
Skanting
Skal vi få arbeidet til å gå unna, må øksa bite – og vere høveleg stor. Til å træ ein stokk – å fjerne den veden som skal vekk – er det godt med ei litt tung og breikjefta bile, ei med lang egg. Ei bile er ei tømmermannsøks, og ein tømmermann er ein husbyggjar. Ei tung øks arbeider godt av si eiga vekt. Å træ heiter somme stader å ry eller rø stokken, andre seier skante. Både reiskapane, dei ulike handlingane og dei ferdige stykka har fleire namn rundt om i dialektane. Orda er ein del av tradisjonen og kulturarven i handverket.
På grove stokkar er det vanleg først å hogge vekk det meste av veden eit stykke utanfor den ferdige flata og så slette stokkane i ein ny omgang. Når dei skulle fjerne så mykje som må vekk på ein brei laftestokk, hogg dei først nokre V-forma, loddrette groper inn mot den ferdige flata. Det gjer det lettare å flekkje ut veden som skal vekk. Ein liten halvmeter mellom kvart innhogg kan høve. Der mindre hunved skal av, kan vi kappe det lause vekk etter kvart bortover.
Den store øksa kan òg vere – om ho ikkje er for tjukk – veleigna til å slette kinningar med i lafteknutane. Kinningar, eller kinn, er flater på skrå inn mot nova, ein oppe og ein nede, ute og inne. Dei finst i dei fleste laftemåtane, for å få novene tette. Til slik sletting vert øksa brukt med ei hand på øksehamaren og ei på skaftet. Det gjev god styring. Nokre har endå breiare og tynnblada økser som har kort skaft og som ikkje er eigna til å hogge med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.