Restaurering

Mellomalderminne i Vest-Telemark

Noreg har 250 bygningar frå tida før reformasjonen i 1537. 143 av dei står i Telemark, med tyngda i kommunane Vinje, Tokke og Fyresdal.

Rikt dekorert seng og skåp i ei stove på Vest-Telemark museum. Treskurd og måling av husmannen Olav Torjusson i 1799. Han var ein av dei store dekorasjonsmålarane.
Rikt dekorert seng og skåp i ei stove på Vest-Telemark museum. Treskurd og måling av husmannen Olav Torjusson i 1799. Han var ein av dei store dekorasjonsmålarane.
Publisert

Av dei 250 mellomalderhusa i landet er 136 frå før svartedauden i 1350. Av dei har Telemark 83 hus. Særleg i nordvest har altså dette fylket ei rik samling av eldgamal byggjeskikk. På Vest-Telemark museum i Eidsborg, mellom Høydalsmo og Dalen, står den eldste verdslege trebygningen i landet, Stålekleivloftet eller Vindlausloftet, det siste etter namnet på garden som no er museum. Stålekleivnamnet skal vere etter ho som bygde det på Lofthus, lenger aust i bygda, Åse Stålekleiv. Ho åtte mest heile bygda og var så rik at ho trong eit nytt loft til å hengje opp linet dei dyrka, seier segna. Datering etter årringprøver syner at loftet kom opp kring 1170, då Magnus Erlingson var konge i riket.

Loft og bur

Mellomalderbygningane er nokre stovehus og bur, men mest loft. Dette er høgreiste hus i to høgder, lafta med breie stokkar. Nede hadde dei mat, oppe var det gjesterom som òg var lager for finklede og andre verdfulle saker. På sidene og i fronten er det svalgang i andre høgda, og huset får med det ei spenstig form. Ytterveggene i svala er ståande tiljer som gjev sjølve laftet godt vern mot væte. Framfor døropninga inn mot tunet er det nokre stader svalgang også i første høgda. Hjørnestolpar og andre delar er dekorerte med mange og markerte utskjeringar. Dette var det prestisjetunge og påkosta stashuset på garden.

Bur, er namnet på enkle, einhøgda lager for mat og reiskapar. Likevel var også dei gjerne pynta med utskjeringar. I dag står lofta – og ofte bura – på stabbar som kviler på ei grime av fire trapesforma og samanhogne stokkar som ligg på steinar over jorda. Denne løftinga av husa kom i seinare tid, i stor grad utover frå 1650. Den vanlege oppfatninga er at husa først var bygde med botnstokkane i laftet liggande på steinar like over marka. Dei nedste stokkane tok lett skade av dette; det viser på mange av lofta, seier Kjell Andresen hos Riksantikvaren. Men dette var hus dei vølte og tok vare på. Fleire berande delar har vore skifta.

Det meste av materialen har tolt hundreåra fordi veden var av gamle og godt utala furetre. Dei hadde nok mykje flott skog å velje i, og tømmermennene har visst kva for tre som var best eigna. Handverket er av høg kvalitet, og heller tørt klima gjer sitt til at husa toler tida. I byggjeskikken går det ei tydeleg grense mellom Vest-Telemark og austlegare delar av fylket – og mellom Vest-Telemark og Setesdal. I aust er lofta lågare og breiare, og jamt av meir runde stokkar. I Setesdal har dei mellom anna færre takutstikk. Byggjeskikken i Vest-Telemark og Agder har større likskap med det som var vanleg vestanfor Haukelifjell, meiner Kjell Andresen. Ferdsla over fjellet aust og vest over fjellet har vore stor sidan dei eldste tider. Tømmermennene i aust og vest lærde av kvarandre. Ei tid rådde Gulatingslova frå Vest-Telemark til Færøyane.

Utvida årestover

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement