Restaurering

Ny glans over 1800-talstun på Setskog

Dei har funne sin plass på jorda, Victoria Brand Munthe-Kaas og Lars Munthe-Kaas. Staden er garden Skjeggenes på Setskog i Aurskog-Høland. Etter nokre omflakkande år er dei no komne heim – til eit tun dei ikkje visste om før i 2017.

Hovudhuset frå oppgangstida på slutten av 1800-talet ligg ope og fritt til. Nytt stakittgjerde er på plass, og ein stor hage rundt huset er under oppbygging på nytt.
Hovudhuset frå oppgangstida på slutten av 1800-talet ligg ope og fritt til. Nytt stakittgjerde er på plass, og ein stor hage rundt huset er under oppbygging på nytt.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Dei ville ha ein gard – mannen ville vere bonde og køyre traktor. Og dei fann han. Tunet ligg litt for seg sjølv, og frå ein nybygd veranda har dei utsyn til innsjøen Setten. Begge er meir enn vanleg interesserte i gamle hus, og på Skjeggenes fekk dei nok å gjere med vøling. Interessa er yrket deira, begge er bygningsantikvar, med rikeleg tilgang på oppdrag.

Victoria vurderer restaureringsobjekt, lagar rapportar og gjev råd om historiske interiør og fargar. Ho er òg den einaste i landet som kopierer gamle tapetmønster for hand. Lars er utdanna restaureringssnikkar og stadig på farten. Begge har verkstad i låven heime. For Victoria er fargar viktig. Ho skrapa og leitte til ho fann nokre små flekkar med den originale målinga ute på hovudhuset – sandsteingrå vegger, okerfarga lister rundt vindauga og brune vindaugsrammer. Tunet, som er romslegare enn vanleg, hadde tidlegare ein stor og velstelt hage som dei nye eigarane er i gang med å dyrke opp att. Husa har mangla folk ei tid og hadde sine skadar. Hussopp og stokkmaur hadde forsynt seg av treverket her og der.

Sopp og maur

Dei nye eigarane flytta til garden og slo seg til i kårbygningen, reist rundt 1850. Først bygde Lars ei dokkestove, før jenta deira vart for stor. Fremst i rekkja etterpå stod hovudbygningen, eit sveitserhus frå 1888, som dei no bur i. Her oppdaga dei hussopp i golv og vegger i gangen. I kjellaren under var alle opningane for lufting tetta igjen. Treverket over vart fuktig. Det var å rive og brenne alt som var infisert. Nye veggstokkar ber no huset, og på nye bjelkar ligg nye golvbord.

Det store spørsmålet var om dei kunne gjere noko dei hadde lyst til: å byggje ein ny veranda i full høgde på motsett side av hovuddøra, ut mot Setten. Ville tilbygget bli for stort, ei for grov endring av heile huset? Etter lang tids nøling vart svaret «ja, vi byggjer veranda». Mal for byggjemåten og utskjeringane hadde dei i utbygget over hovudinngangen. Men kven kunne levere god nok material, og kven kunne setje i hop konstruksjonen med tapping etter gamal skikk – utan limtre og skruar? To lokale verksemder, eit sagbruk og ein snikkarverkstad, tok på seg oppgåvene. Dei kresne eigarane er godt nøgde med resultatet, ikkje minst fordi det nye er henta nesten rett ut av skogen nokre få kilometer vekke, av utvalde tre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement