Restaurering
Nye fundament under lang tids soge
Det var anten eller: å la husa falle i hop eller å gå i gang med å rette dei opp. Torild og Amund Nedreberg valde det siste i eit tun med så mykje gamalt at ikkje mange har noko liknande i distriktet.
Nedreberg ligg lettleg på solsida av Nordfjorden. Frå venstre låven, masstova, sperrestova med tidlegare utviding i høgda (høgelemmen) og nytt tilbygg mot tunet. Til høgre nystova med samlinga av gamle ting i skråtekte tilbygg.
Alle foto: Erik Solheim.
Staden er det eine bruket på garden Nedreberg – høgt, fritt og solvendt i den bratte grenda Bergsida nokre kilometer vest for Stryn sentrum. Fjøset er vekke; det mangla botevon. Men låven står der, høgreist i ein alder av 200 år, med ein solsvidd vegg av gamle bord i ramen. Inne er det no høylager og hestebåsar.
Amund Nedreberg vaks opp med hest, og interessa for fjordingen vart verande i han. No har neste generasjon fire i stallen. Ei stund avla han premierte dyr og selde. Det hadde dei drive med lenge på denne garden midt i fjordhestriket. Kanadiske hestefolk har fleire gonger budd på Nedreberg under høgtidsdagane for dei som har fjordingen i sjela, statshesteutstillinga på Eid. Halvannan times gange oppover i fjellet ligg setra, framleis med sel og fjøs. Etter utskifting i 1890 eig dei frå fjord til fjell. Fiske etter laks og sjøaure var lenge viktig for levemåten. Ved fjorden hadde dei jekteløk, ein stad båten kunne liggje trygt. Noko av det garden gav, har dei selt i lange tider. Men sjølvhushald var det dominerande så lenge jorda og sjøen var det dei hadde å leve av.
Garden, no delt i to bruk, er kjend i dokument frå 1420. Husa låg i ei klynge. For dei som Amund og Torild rår over, vart det små endringar av jordskiftet i 1890. Stovehuset står der det vart reist i 1865. Dette er ei sperrestove med to vindauge ut mot fjorden, slik skikken var i Nordfjord.
At delar av veggene er mørke av sot, tyder på at stova vart bygd med røykomn og ljore i taket for å få ut røyken. Her budde folket fram til 1998; dagens eigar vaks opp der, men då med komfyr og skorstein i koven. Det tredje rommet er ein gang, som i dette området vert kalla døra. Over koven er det lem, og over den igjen øvstelemmen under eit høgre tak med mønet på tvers av resten. Sidan Torild og Amund ville drive turisme for å skaffe litt ekstra inntekter til å finansiere restaureringa, har dei utvida huset med kjøkken og bad på kvar side av inngangen.
Nystova frå 1850
Den litt eldre nystova frå 1850 har om lag same rominndelinga i første høgda som sperrestova. Men her er det lem over med to rom. I kjellaren var det før brunn, brukt til å kjøle mjølka og hente vatn i. Nokre meiner namnet på huset heilt enkelt kjem av at det var nyare enn sjølve stova. Bruken kunne ymse – sengeplass om sommaren, rom for gjester, lager for fine klede, korn og andre verdifulle ting, veven kunne stå der. No bur eldste sonen på garden der med familie. På to sider av huset bygde eigarane skråtak med rom under for eit utal ting som dukka opp då dei rydda for å starte vølinga. Det var klede, dukar, åkle, kister, askar, tiner og mangt anna. Mykje var godt slite, det meste ute av bruk, men lagt til sides. Skikken på slike gardar utan overflod var å ikkje kaste noko; det kunne kome til nytte ein gong. På Nedreberg vart svaret å samle dette i eit nytt tilbygg. Her fekk Torild plass til resultatet av mykje godt handverk frå både kvinner og menn frå 1700-talet og fram til siste krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.