Restaurering
Renessanse for kalkmørtel i vegger av stein
No brenner dei igjen kalkstein rundt om i landet, så langt mest til restaureringsarbeid.
Den kvitkalka muren under Lagmannsstova på Agatunet. Truleg har noko liknande ikkje vore gjort sidan mellomalderen. Kalklaget er her tjukkare og meir heildekkjande enn det som var vanleg på mindre staselege hus. På muren til venstre stod eit kapell som vart rive i 1811.
Alle foto: Erik solheim
Lytt til artikkelen:
Kalkmørtel held murane saman i dei store katedralane, slotta og mindre husa som vart bygde i stein gjennom hundreåra. Så kom industriproduktet sement på 1800-talet, og etter siste krigen tok betongmørtel over på alle byggjeplassar.
På Nidarosdomen hadde dei lenge dytta sementmørtel i fugene når den gamle kalkblandinga forvitra. Så viste det seg at den moderne og lettvinte betongen øydela steinen som fugemassen skulle berge. No meislar og pirkar dei ut att betongen og legg inn kalkmørtel i staden. Klosteret på Selja utanfor Stadlandet er ein annan nasjonalskatt som får igjen det bindemiddelet heilagsetet vart bygt med for 900 år sidan.
Heimebrenning
Problemet med betong er at han trekkjer til seg vatn og ikkje slepper det frå seg igjen. Det er slik massen stivnar. Om vinteren frys vatnet og skader ofte steinane som ber byggverket. Storkna sementmørtel er i tillegg så stiv at han sprekk om steinveggene rører ørlite på seg, og det gjer dei alltid. Då slepper meir vatn inn. Kalkmørtel, derimot, storknar ved å kvitte seg med vatn. Stoffet er litt føyeleg, og porøst. Luft slepper gjennom.
Heimebrenning av kalk vaknar no til liv på nytt, mest til restaureringsarbeid og for å stanse forvitringa der sementmørtel har vorte nytta for å vøle gamle murar. Entusiastar leitar etter den kunnskapen som kom til landet på 1000-talet – frå England – men som visna vekk for 60–70 år sidan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.