JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ReportasjeFeature

Då Vettisfossen vart freda

I 1924 vart Vettisfossen i Årdal i Sogn freda med kongeleg resolusjon av Høgre og Frisinna Venstre i regjering. Dette var første gongen ein foss fekk noko vern her i landet. Hundre år etter vart jubileet markert i Utladalen og på Vetti gard.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avdalsfossen nær inngangen til Vettisgjelet held skogen vekke med sitt stadige vassgòv.

Foto: Erik Solheim

11117
20240705
11117
20240705

redaksjonen@dagogtid.no

Fossen er ein viktig del av identiteten vår, sa ordføraren i Årdal, Christian Sønstlien, til rundt 150 frammøtte i sola over Vetti gard.

Han oppmoda om å minnast fortida, feire notida og forplikte famtida. Dei frammøtte fekk orientering om forvaltninga av Utladalen landskapsvernområde, om Vetti gard og om historia bak vern av Vettisfossen. Fleire flokkar tok seg opp til Vettismorki, til eit nytt utsiktspunkt ut i lufta over stupet ved fossen. Årdal kommune, Stiftinga Utladalen Naturhus, der det no er nasjonalparksenter, og Årdal Turlag var kanskje dei mest sentrale av arrangørane bak hundreårsmarkeringa.

Historia bak vedtaket starta i Hardanger. Den Norske Turistforening (DNT) hadde betalt mykje av kostnadene med ein turistveg frå Tyssedal i Sørfjorden opp til Ringedalsvatnet. Ned i dette vatnet rann to mektige fossar frå Hardangervidda, Tyssestrengene og Ringedalsfossen.

Frå 1860-åra vaks turisttrafikken til Odda. Stadig fleire dampskip kom med passasjerar i godt lynne over det dei såg. I hestevogner kunne dei fare vidare over Haukelifjellet til Telemark. Det eine hotellet etter det andre kom opp i Odda. Nokre brann ned etter kort tid.

Til sist, i 1896, stod eit nytt Hotel Hardanger ferdig etter ein byggjeperiode på ti månader og med 130 snikkarar i sving. Dette var ein rikt utrusta bygning i sveitserstil med grunnflate på 1600 kvadratmeter. På den tid hadde Odda elleve hotell. Hit kom den europeiske overklassen – sosieteten av kongelege, statsleiarar, kunstnarar og kjendisar.

Vettisfossen dett 275 meter i eitt fall. Presten Bøyesen meinte at han “ikke engang med en Draabe berører hele Fjellsiden”. Fossen er den høgste av alle uregulerte i vårt land.

Alle foto: Erik Solheim.

Men så, i 1906, møtte 1000 mann opp i Odda med eit ærend som knekte turismen. Dei endevende store delar av strandbygda for å byggje karbidfabrikk, nye bustader og mangt anna. Karbid fekk dei ved å hete opp kalkstein i blanding med koks til over 1000 grader i lengre tid. Blanda med vatn vart stoffet til acetylen, som gjev sterkt lys når det brenn.

Vetti gard og tidlegare turiststasjon nærast. Husmannsplassane Flaten nede til høgre og Lauvhaugen oppe til venstre (så vidt synleg).

Alle foto: Erik Solheim

Største marknaden var England, som trong lys i gruvene og til jarnbanedrifta. I 1908 opna fabrikken i ein kommune med 2000 menneske. Ni år seinare var folketalet 6800. Gneldrande larm, støv og røyk gjorde Odda og Sørfjorden mindre ettertrakta for turistane. Dei hadde kome for å oppleve fjordlandskapet og rein natur. Om dette fortel Eva Røyrane i boka Fabrikkbyane i Hardanger.

Like før 1900 hadde turistforeininga fått til ein avtale med eigarane av Tyssestrengene og Ringedalsfossen om at dei skulle la fossane renne utan kraftverk eller andre inngrep. Dette vart eit hefte på eigedomane, eit tinglyst servitutt. Fossane var då i realiteten freda.

Betalinga var den summen DNT hadde lagt i vegen opp til Ringedalsvatnet, eit tiltak både turistnæringa og grunneigarane stod bak. Begge vassfalla var mektige fossar med stor vassføring frå vide nedbørsfelt innover fjellviddene. Tyssestrengene hadde 646 meter samla fall, Ringedalsfossen 420. Fritt fall i begge var rundt 300 meter.

Så vart AS Tyssefaldene skipa i 1906, med Sam Eyde som pådrivar og leiar nokre år. Siktemålet var å byggje ut vasskraft til industri i Tyssedal og Odda. Kraftverka vart fleire, stadig meir vatn dreiv turbinane. Tyssedal kraftstasjon, den store og staselege bygningen ved fjorden, var i drift frå 1908.

Huset er no freda av Riksantikvaren og i bruk som Norsk vasskraft- og energimuseum. I 1909 starta bygginga av demninga som skulle heve Ringedalsvatnet. Ho er 520 meter lang og sett i hop av 100.000 handhogne steinblokker. Reguleringshøgda er 47 meter.

Og selskapet ville meir, dei ville få tak i dei to fossane som DNT hadde hand om. Organisasjonen skulle få 240.000 kroner om dei selde avtalen med fosseeigarane. Av dette vart det spetakkel i turistleiren.

Vettismorki var støl for Vetti og plassebruka. Nokre slektningar har i tillegg hytter. Her er det òg tømmersag.

Vettismorki var støl for Vetti og plassebruka. Nokre slektningar har i tillegg hytter. Her er det òg tømmersag.

Foto: Erik Solheim

Styret gjekk inn for å selje. Industrien var viktig for landet, meinte fleire, og DNT mangla pengar til sine store oppgåver. Turismen var i nedgang i Sørfjorden, og få ville kome til å oppsøkje fossane, var eit argument. I mai 1919 kom saka opp på generalforsamlinga. I ordskiftet var meiningane kvasse. Nokre trudde at Høgfjellskommisjonen ville gje staten eigedomsrett til fossane, og i så fall var servituttet ingenting verdt, meinte dei. Fossane ville bli tørre utan at DNT fekk ei krone.

Andre heldt fast ved det ideelle føremålet med DNT, å gje folket, særleg ungdommen, høve til å oppleve uforstyrra fossar og annan vakker natur. Oberst Sejersted og skogdirektør Jelstrup frå Naturfredningsforeningen, Østlandske krets, stod på at Turistforeningen måtte forsvare sine ideal og våge risikoen for å tape pengar.

Ekspedisjonssjef Rosendahl kalla det ei vanærande handling for DNT om forsamlinga skulle velje å selje. Vi kan ikkje gå på akkord med oss sjølve av pengeomsyn, hevda han. Nokre som heller ville ha pengar enn servituttet, meinte at ein del av summen DNT fekk, kunne dei bruke til å sikre andre fossar. Vettisfossen var nemnd. Avrøystinga enda uavgjort: 69 for å selje, 69 imot.

Salet vart ikkje noko av, då. Men saka kom opp att i 1920. No hadde stemninga snudd. Eit stort fleirtal – 361 mot 69 – røysta for å godta tilbodet frå AS Tyssefaldene. Der låg protestar mot salet frå grunneigarane som hadde gjort avtale med DNT, frå Odda ungdomslag og Hardanger ungdomslag.

Grunneigarane gjekk til rettssak mot DNT og vann i to instansar før Høgsterett gav turistorganisasjonen medhald. Fossane vart likevel ikkje tørre før eit nytt kraftverk stod ferdig ved Ringedalsvatnet i 1967.

Hjellefossen er den første vandraren møter på veg til Utladalen.

Før den siste generalforsamlinga hadde Jens Holmboe, professor i botanikk ved Bergens Museum og formann i Vestlandske kretsforening av Naturfredningsforeningen, offentleg gått sterkt inn for å berge fossane i Tyssedal. Etter utfallet på siste møtet greip han raskt sjansen til å satse på økonomisk støtte frå DNT til å redde Vettisfossen.

Året etter nederlaget, i 1921, drog han og godseigar Gjert F. Heiberg på Amla i Kaupanger heim til Jørgen Vetti for å få i stand ein avtale om vern av fossen. Dei to fekk ja til eit evigvarande servitutt som innebar at Vettisfossen skulle få renne fritt utan regulering eller endring ved utbygging, sprenging eller på annan måte.

Fylkesmannen skulle avgjere om det kom til tvist mellom partane. Vestlandske kretsforening skulle på si side aldri kunne selje servituttet eller på annan måte skaffe seg økonomisk gode av det. Dei ville styre unna ein kopi av saka i Tyssedal. Servituttet vart gyldig om Jørgen Vetti fekk 15.000 kroner innan 1. oktober 1922.

DNT gav halvparten av denne summen. Utanriksminister Mowinckel skøytte til 1200 kroner og Årdal kommune 250. Resten, 7050 kroner, var seigt å få inn. Jens Holmboe tigga i avisartiklar og på andre måtar om pengar. Mange hadde støtta saka med munnen. Å få nevane til å opne pengepungen var vanskelegare.

Holmboe måtte to gonger be Vetti om utsetjing, og det fekk han. Han nådde sitt mål. Den 28. juni i 1923 kunne han levere Jørgen pengane. Året etter, den 8. februar 1924, vedtok regjeringa ein kongeleg resolusjon som altså for første gong gav ei elv varig vern i vårt land. Grunnlaget var lov om naturfreding av 1910. Holmboe var redningsmannen og grunneigaren villig.

Dette var i grålysinga for norsk naturvern. I 1904 hadde formannen i DNT, Yngvar Nielsen, teke til orde for å opprette Jotunheimen nasjonalpark. Han fekk medhald – 76 år etterpå. Hanna Resvoll-Holmsen skreiv i DNT-årboka for 1917 om kor mektige inntrykk Jotunheimen gav. Det for ein skrekk i henne, «en skræk for at industriens lange knoklede arm skulle stikke seg herind mellom fjellene og øse av Gjendes smaragdgrønne vand».

Bøndene i Vågå protesterte mot utbygging. Mikkjel Fønhus, målaren Lars Jorde og fleire andre gjorde det same. Theodor Caspari var kvass i avisene: «Regulering uten ende! Rjukan væk, og nu er Gjende, gamle Gjende underveis». Vassdragsvesenet valde Bygdin og Tesse til å lage straum. Gjende var berga og kom i 1973 i lag med Sjoa inn på lista over varig verna vassdrag. Utla fekk plass der i 1983.

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsområde vart eit faktum i 1980. Utladalen samlar ei rekkje kvitskummande elvar og fossar på begge sidene. Ved inngangen til gjelet står Hjellefossen og Avdalsfossen som to fagert pynta portstolpar.

Vettisfossen er med sine 275 meter fritt fall den høgste frie fossen i Nord-Europa. Han har rykt opp på lista etter at sju av dei ti høgste fossane i vårt land er tamde for å drive kraftturbinar. Vatnet kjem frå Morka-Koldedalen, som frå Tyin går vestover mot Vettismorki.

Fossen ligg i den sørvestre delen av Utladalen landskapsvernområde, mellom Jotunheimen nasjonalpark både i aust og vest. På begge sidene, i Hurrungane mot vest og tindane i aust, stikk toppane meir enn 2000 meter nærare himmelen enn havet. Lenger nord og sør for Utla vart store vassdrag regulerte for å levere kraft. Utladalen har ord på seg som den djupaste dalen i Nord-Europa. Frå Vetti gard til toppen av Store Skagastølstinden er det meir enn 2000 høgdemeter.

Den første som lét etter seg ein skriven rapport om å ta seg fram i Vettisgjelet, var Ulrik Frederik Bøyesen, prest i Lærdal og med ansvar for kyrkjelege tenester også i Årdal. Han hadde som mål å vitje alle sokneborna sine der dei budde. Til Vetti drog han i 1818. Den forvitnelege skildringa hans av reisa kom i 1826 på trykk i vekemagasinet Hermoder. Teksten vart omsett til engelsk og trykt i eit filosofisk tidsskrift på den store øya. Også i Tyskland kunne dei lese forteljinga, og ho vart levert til den svensk-norske kongen i fransk språkdrakt.

For Bøyesen vart turen ei dramatisk oppleving på eit smalt og ustødig trakk innover den bratte og rasutsette lia, høgt oppe over den skummande Utla. Alt er gigantisk og trugande, skreiv han. Og like etterpå: «Nu er man da i Gjelen. Gud være med dig Vandringsmand!»

Utsliten og dyvåt var han då han kunne kvile litt på ein av husmannsplassane lenger nede før han «forsøkte på at stønne op den meget lange og høie Bakke» til tunet på Vetti. Vel i mål fekk presten det beste garden hadde å setje på bordet, og av bonden hans sundagsklede medan dei våte tørka. For lesarane var forteljinga lokkande. Ho står i DNT-årboka frå 1944.

Framkomsten til Vetti vart etter kvart enklare og med bruer over elva. Dagens køyrande strekning på nesten fem kilometer ber namnet Folkevegen til Vetti og var ferdig i 1977. Etter fire år hadde 1500 årdølar lagt ned 50.000 dugnadstimar. Ingeniørvåpenet og heimevernet hjelpte til, attåt kommunen, verket og andre. I pengar kosta tiltaket 400.000 kroner.

Etter Bøyesen kom stadig fleire vandrande og klatrande til Vetti. Kjende menn som Edvard Grieg, Fridtjof Nansen og William Cecil Slingsby skreiv seg inn i gjesteboka. Slingsby fortalde ofte og levande i artiklar om sine opplevingar i fjella og dalane.

Området vart vide kjent. Vetti tok imot alle som trong husly. Dette var i ei tid då stadig fleire la ut på lange vandringar i fjellheimane og krevjande klatring i tindane. Og så var det denne veldige fossen ned det høge stupet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis