Sverre Fehn – meisteren som bygde lys
Sverre Fehn (1924–2009) skapte kunst ved å forstå stader, gå mot grenser og fordele lys. Denne veka er det hundre år sidan arkitekten Fehn blei fødd.
VENEZIA. Den nordiske paviljongen ved Veneziabiennalen stod ferdig i 1962 og romma ei stor utstilling av modellar av Sverre Fehns verk under Arkitekturbiennalen i 1998.
Foto: Daniel Ryan / Flikr
Les også
Aasen-tunet opna i 2000.
Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet
Spor av tid i arkitekturen
Les også
Arkitekturmuseet med tilbygget som Sverre Fehn teikna på byrjinga av 2000-talet.
Foto: Thomas Flemming
Sverre Fehns brutale påbygg på Arkitekturmuseet i Oslo
Les også
Sverre Fehn
Les også
Arkitekturopprøret har plassert dette arkitekturprosjektet i Telekvartalet i Sarpsborg på lista over dei beste i 2024. Arkitekt er MAD, og byggherre er Fredriksborg Eiendom.
Illustrasjon: Fredriksborg eiendom
Brølet nedanfrå gav ekko ovanfrå
Les også
Turistnæringa i Flåm vil byggje eit tårn som skal tevle med dei majestetiske fjella, skriv Ronny Spaans.
Illustrasjon: Jensen & Skodvin / MIR
Høgtårn i Flåm kan skremme bort turistane
Sverre Fehn
Fødd 14. august 1924 på Kongsberg, voks opp på Ulefoss
Ein av dei mest kjende norske arkitektane internasjonalt
Viktige verk i utval:
Økern aldershjem, Oslo (med Geir Grung, 1955)
Den nordiske paviljongen i Biennaleparken, Venezia (1962)
Storhamarlåven ved Hedmarksmuseet, Hamar (1969)
Skådalen døveskole, Oslo (1977, freda)
Villa Busk, Bamble (1990, freda)
Norsk bremuseum, Fjærland (1991, tilbygg 2007)
Aukrustsenteret, Alvdal (1996)
Ivar Aasen-tunet, Ørsta (2000)
Norsk museum for fotografi, Horten (2001)
Norsk arkitekturmuseum, Oslo (2008, ombygging og tilbygg)

Ei av dei rarare gateadressene i Oslo er Havna allé. Namnet peikar mot sjøen, men denne alleen går parallelt med Sognsvannsbanen like ved Blindern stasjon, 75 meter over fjorden og fleire kilometer frå nærmaste båt. Forklaringa er enkel: Her låg ein eigedom som hadde vore del av eit krongods, og som i si tid fekk namnet Havnen. Ein gong hadde det nok vore hamnehage for hestar eller beitedyr der. I denne gata budde eg i 1975–76.
Eg var 22 år og dreiv med politikk, ikkje arkitektur. Mange år seinare såg eg at den vesle blindvegen var ei utsøkt funkisgate med det eine huset etter det andre frå 1930-åra, og at Arne Korsmo og Sverre Aasland hadde teikna 13 av dei. Der og då forstod eg i det minste at det var noko særskilt med Villa Dammann (1932) inst i alleen. I lyse dagen skein den blå halvrunda veggen ut i gata. Ut i natta strålte lampene mot veggen eit blått lys som var det eit eventyr, eit hus i ei gåte.
Havna allé var ei gate så stille at eg knapt hugsar andre enn ein som gjekk der. Han såg ut til å vere ein eldre mann, og han bar ofte på ei svart dokumentmappe, ei slik med glidelås langs tre sider. Mannen med den svarte dokumentmappa budde i det blå huset, og etter kvart fekk han eit namn. Då eg helsa på Sverre Fehn for første gong tjue år seinare, var han blitt eit verdsnamn.
Omstridd i Noreg
Den arkitektoniske verdien av Havna allé utanom det blå huset forstod eg ikkje den gongen. Kva hus gjer med folk, gjekk først opp for meg då eg ti år seinare flytta til Lille Tøyen hageby i Oslo. Der såg eg korleis Magnus Poulsson hadde forma uterom for liv og montert mursteinane slik at ingen av fleire hundre inngangsparti var like.
I dette rommet mellom individualitet og fellesskap blei arkitektur til meir enn vinklar og linjer. Vi to som budde i andre etasje, tok til å dra på arkitektur i hovudstaden, utanom det å gå på kino i Colosseum, som Sverre Fehn hadde teikna etter brannen i 1963, vi såg med måpande auge utstillinga hans av den kinesiske terrakottahæren på Høvikodden ein gong i 1985, vitja utstillinga Bygg for fremtiden i Bærum 1987 der Teglsteinhuset hans var med, og i rein nyfikne drog vi jamvel på vising i Villa Skagestad frå 1964 på Kjelsås.
Naboen i Havna allé var ein omstridd arkitekt. Dagbladet gjekk føre i kampanjejournalistikk mot Skådalen skole for høyrselshemma, som stod ferdig i 1977. Det kan godt hende at verket ikkje var godt nok som brukskunst, men som nyfiken på det moderne og som fast lesar av Dagbladet den gongen blei eg mistenksam mot kritikken av det avisa stempla som betonghelvete. I dag er dette eitt av fire Fehn-verk som Riksantikvaren har freda.
Verk som Storhamarlåven på Hamar (1969) og Aukrustsenteret i Alvdal (1996) var fullt ut skapte av Sverre Fehn. I utstillinga på Hamar reiste han svære, elegante dragsledar på høgkant. Meir trongst ikkje for å gjere dei til skulpturar over levt slit. I Aasen-tunet har ein pult stått på høgkant i 24 år, som eit sitat frå verket på Hamar.
Sverre Fehn lærte mykje av Arne Korsmo og var professoren som med tavlekrit på Noregs arkitekthøgskule 1971–94 prega ein heil generasjon arkitektar. To av dei er Henrik Hille og Ervin Strandskogen, som frå om lag 1990 var nære medarbeidarar. Saman med Fehns faste tekniske rådgivarar rydda dei der kunsten møtte brukskunsten og fann løysingane som var både estetisk vakre og funksjonelt gode. Kva dei teikna, og kva Fehn skapte sjølv, har dei lojalt aldri sagt noko om.
HAMAR. Då Sverre Fehn fekk Treprisen 1973, stilte han med ein modell av Storhamarlåven på Hamar.
Foto: Henrik Laurvik, NTB
Våren 1997 blei Fehn tildelt Pritzkerprisen for arkitektur. Gjævare blir det ikkje, og mang ein kritikar fekk det travelt med å skifte meining. Prisjuryen undra seg over at arkitekten ikkje hadde eige fly, og at det var smått med stjernerestaurantar nær verka hans. Adresser som Bamble, Alvdal og Fjærland vitnar om to ting. Makta er faktisk spreidd i dette landet, og somt har vore vellykka i norsk distriktspolitikk. Nokre av dei fremste og mest moderne verka i norsk arkitektur ligg difor langt unna støy og storby.
Baksida av prismedaljen er at makta i norsk arkitekturpolitikk var fjernt frå Sverre Fehns vesle arkitektkontor. Har eg rekna rett, utgjer verklista 110 bygningar og utstillingar i mange land 1949–2007, nokre skapte saman med andre. Etter Fehn står det likevel berre att 17 offentlege bygningar, 21 bustadhus og 4 utstillingar.
Eit av dei siste verka hans var ei skrivarstove som Rune Slagstad skulle byggje utpå eit juv i Nordfjord. Folk lokalt protesterte, styresmaktene sa ja, men med knappast mogleg fleirtal, og byggherren valde difor å leggje teikningane bort. Eit anna seint verk var eit kapell i Søgne på Sørlandet. Ein betongklump, fnyste ein Frp-politikar som ikkje forstod bæret av den lyskatedralen dette ville bli.
NORDFJORD, UFULLFØRT. Rune Slagstad kjende Sverre Fehn frå 1970-åra og sat i salen då Fehn presenterte Aasen-tunet i 1997. Som ved Verdens Ende plasserte Fehn skrivestova hans med sommarfuglvengjetak på ei plattform over juvet høgt over Nordfjorden. Modell: Jon Haga Grov.
Sverre Fehn var arkitekturens Virginia Woolf, med få, men eineståande verk. Seks av ti verk er ingen stad å sjå i landskapet, men dei fleste er berre ei bokhylle unna, i Sverre Fehn. Samlede arbeider, redigert av Christian Norberg-Schulz og Gennario Postiglione. Der står slike som Bergverksmuseet på Røros (1979), museum for Wasaskipet (1982) og Palazzo del Cinema i Venezia (1992).
SØGNE, UOPPFØRT. Sverre Fehn teikna i 1999 eit lite kapell på Kapelløya i Søgne. Det blei stempla som ein betongklump og i strid med friluftsinteresser. Med sju mot tre røyster sa politikarane nei i 2014. Modell.
Foto: Sverre Fehn AS
Første møtet
Her skal du sjå! Jostein Nerbøvik sit på kontoret i Lettbygget, ein forfina brakkerigg ved Høgskulen i Volda. Han har ringt og sagt så vagt som berre han kan, at eg kanskje kunne ta ein tur i dag? Eg har lært at slike lause vendingar er ei hasteinnkalling, og bankar på døra ein halvtime seinare.
Sju år tidlegare hadde historikaren Nerbøvik teke initiativet til å få til eit nasjonalt senter for nynorsk skriftkultur. I dette arbeidet omsette han til politisk praksis alt han hadde lært frå norsk politisk historie om makt og manøvrering. Eit ambisiøst og fagleg originalt forprosjekt var ferdig på to år, stifting var skipa, arbeidsutval valt, stortingsvedtak gjort, arkitekt utnemnd, grunnstein lagd ned i september 1996.
Berre teikningane mangla. Kulturminister Åse Kleveland hadde gitt Sverre Fehn i æresoppdrag å teikne Aasen-tunet. Ein lokal arkitekt hadde alt teikna senteret som ein dyster låve i lafta tømmer med torvtak. Skulle ein kome utanom og lengst mogleg unna slikt, var Sverre Fehn beste løysinga. Eg har drøymt om ei slik oppgåve heile livet! utbraut Fehn. No gjorde han alt han ikkje hadde gjort før, sa arkitekt Per Olaf Fjeld på eit Fehn-symposium i 2017.
Her skal du sjå! Nerbøvik snur nokre ark, dei måtte ikkje liggje ope for innsyn for kven som helst. Eg fekk dei i går, seier han, og eg ser meir på han enn på teikningane. Han er barnet då berg-og-dal-banen byrjar rulle, forfattaren som sit med første boka si i handa, ferjepassasjeren som ser baugen gå opp og ser Rio de Janeiro.
Det var tysdag i november 1996, og eg såg noko eg ikkje hadde sett før. Jo, der var linjer å kjenne att frå Bremuseet og Aukrust-senteret, men Fehn byrja på nytt kvar gong, for det gjaldt å forstå staden og landskapet. Herrliga London, Jostein, sa eg, dette gjer Aasen-tunet så eineståande som det må vere.
RØROS, UFULLFØRT. I Sverre Fehns strek frå 1980 ville Bergverksmuseet på Røros danne ei bru mellom gruvebyen og gruvene på den andre sida av elva. Modell: ukjend.
Foto: Nasjonalmuseet
Det var eit kupp ingen visste om, for berre eit halvt år seinare kom meldinga: Sverre Fehn får arkitekturens nobelpris 1997. Same dagen, 11. april 1997, lurte arkitektskribent Arnstein Arneberg i Morgenbladet på kvifor ingen protesterte mot ideen om at ein modernist som Fehn burde teikne den nye operaen i byen.
Fehn var omstridd også utaskjers. Då lokalavisene i Ørsta og Volda trykte dei første skissene til Aasen-tunet, protesterte folk i København mot skissene hans til eit tilbygg ved Det kongelige Theater som han kalla Påfuglen. I Ørsta og Volda hadde mange protestert mot å bruke skattepengar på ein så smålåten fyr som Ivar Aasen. På folkemunne verserte sikkert litt av kvart om utsjånaden, for ein fylkespolitikar kalla bygningen ein silo, og ein lokalpolitikar meinte dette var å innføre austlandsk byggjeskikk på Vestlandet, men elles var det fole stilt offentleg.
Først eit år seinare presenterte arkitekten verket i Gamle festsal på lærarskulen i Volda. Det første møtet med tomta er det viktigaste, sa gjerne Fehn. Det same kan seiast om den første framvisinga av eit verk. Lite kan måle seg med premieren. Aasen var ein reisande i lyd, og eg vil samle lyden, sa Sverre Fehn i Gamle festsal 26. november 1997. Det gamle tunet blir som ein utvendig vestibyle, sa Fehn. Linjer i bygningen skal peike nedover mot bakken der Ivar Aasen sprang som barn, sa Fehn. Eg vil medverke sterkt til interiøret også. Det fekk eg ikkje i Bremuseet, og eg er ikkje nøgd med resultatet, sa Fehn. Det er bratt, men eg byrjar å bli ven med bakken, sa Fehn. Det var brattere enn jeg trodde, sa han då verket stod ferdig.
Det blir kvit betong, og betong gir stille, sa Sverre Fehn.
LYSGANG. Korridorar i administrasjonsbygningar er gjerne innestengde med dører på begge sider. I Aasentunet siv lyset inn heile året, lågt om vinteren, høgt om sommaren.
Foto: Ottar Grepstad
Tenkjar og forskar
Å sjå ei ny Fehn-teikning var som ei ny Beatles-plate, sa musikaren Terje Busk etter at Villa Busk i Bamble stod ferdig i 1990. Fehn var ein skarp tenkjar som stolte på det han kom fram til. Det stod han ved gjennom kritikk og ukunnig motstand. Han utfordra rådande tenking, men gjorde det sjølv svært ugjerne på det personlege planet.
I Nasjonalmuseet ligg ei skissebok frå ei stipendreise til Marrakech og andre byar innunder Atlasfjella i Fransk Marokko i 1951. Fehn nytta høvet til å granske «primitiv rural byggekunst» og forholdet mellom natur og arkitektur. For han var det såkalla primitive like klart og logisk som naturen sjølv. Vegger var meir enn å halde oppe eit tak eller lage eit hus. Dei kunne like gjerne vere skugge mot sol, ryggstø, tørkestad for dadlar. Eller, «om våren en tavle for barn til å tegne på», som han skreiv i Byggekunst i 1952.
MAROKKO. På studietur i Nord-Afrika i 1951 festa Sverre Fehn seg mellom anna ved dei mange små, firkanta husa. Landskapsstudie, oktober 1951.
Foto: Nasjonalmuseet
Som Elias Canetti var han i raudbrune Marrakech. Der Canetti lytta til røystene på Djema al-Fna-plassen, såg Fehn etter liv mellom tak og terrassar. Det han såg i den byen og andre stader, gjorde inntrykk, men dei mange skissene frå Marokko blei verande ei innsikt, ikkje former å kopiere. Fehn erkjende kulturskilnadene og såg at arkitekturen måtte byggje på eigen kultur og natur. Det moderne låg i det klare, enkle og naturnære. Nokre år seinare var han klar med teikningane til den nordiske paviljongen i Venezia.
Sjølv etter år i Afrika vil du ikkje forstå kvifor arabarane set seg stille ned og ventar på at sola skal tørke vatnet ut or elva etter eit regnskyll, skreiv Fehn: «Det vil alltid stå som en gåte for deg hvorfor ingen legger noen stokker over og går over på dem.»
Slike og mange andre tankelinjer tok han med seg til Verdens Ende i 1988. Då hadde han laga skisser til eit kunstgalleri som kunne stå der verda sluttar. Fehn ville plassere bygningen i ei kløft, og den kløfta såg han som eit rom med golv og vegger. Over denne kløfta la han meir enn stokkar til å gå over på. Han teikna ei plattform over djupet og lukka naturrommet med eit tak. Kunstgalleriet blei verande skisser. Der verda sluttar, fekk han aldri sjå noko ta til.
Afrikanske og asiatiske impulsar forma han i sitt eige språk. Eg har prøvt å flykte så langt unna det romantiske norske som eg kunne, men ein kan ikkje springe frå seg sjølv, sa han. Tidsforståinga til den tyske filosofen Martin Heidegger klang med når Sverre Fehn sa: Det nytter ikke å løpe etter fortiden. Du når den ikke igjen likevel. Difor likte han at Aasen-tunet skulle liggje nær flyplassen mellom Volda og Ørsta: Den minner oss om at vi ikke er i 1850. Ei stikk motsett forståing av tid kom til uttrykk i Morgenbladet i 1997, og ovra seg i det såkalla arkitektopprøret i 2020-åra, der brutalisme var bygd som ein fastspikra tankegang.
Fehn bygde metaforar, planta tankane i støypen og gjorde ord til mild betong.
Eg har gått denne vegen gjennom språket mange gonger, sa han om den lange midtgangen i basisutstillinga om nynorsk skriftkultur i Aasen-tunet.
Å gå ned i biblioteket er å fordjupe seg, ein går ned i ei gruve, sa mannen frå gruvebyen Kongsberg og teikna ei trapp ned i biblioteket.
Nesten halve arkitekturen er lyd, sa han då han viste dei første teikningane av Aasen-tunet i 1997.
Han såg på teikninga av bygningar som forsking, og han prøvde meir enn gjerne ut nye løysingar. På Hamar hadde han brukt bøygt limtre som berande konstruksjon. Det blei forløparen til himmelbogane i taket på Oslo flyplass. I Aasen-tunet måtte den skråstilte storveggen støypast samanhengande i 72 timar for å unngå støypeskøytar. Du vet, det kunne gått helt galt, sa Fehn til meg då forskalingane var fjerna.
HOLMSBU. Villa Holme blei teikna frå 1972 og stod ferdig i 1998, komponert som eit kvadrat med ein tydeleg diagonal gjennom verket, med tak som sommarfuglvengjer.
Foto: Sverrefehninfo
Pragmatisk kunst
Arkitektur er først og fremst brukskunst, skapt for å bli brukt, vere slitesterk. Til tider var Fehn betre på form enn på funksjon, og han var ein sta kunstnar, men det er gjerne dei store kunstnarane som er mest pragmatiske. Dei er trygge på det dei gjer, veit kvar grensene går, men veit dermed også kva som kan gjerast viss det er nødvendig.
Sverre Fehn var ein slik kunstnar. Arkitekt Henrik Hille har sagt at det Fehn brukte mest tid på, var å finne ut kor enkelt noko kunne gjerast, og kva som ikkje trongst. Veggene og vinklane, lyset og flatene, det var ganske lett å forstå kva som ikkje burde rørast ved. Der alt er standard, er alt også like viktig. Der lite er standard, blir det tydeleg kva som er viktig. Jamført med den nordiske paviljongen i Venezia frå 1962 er likevel Aasen-tunet fehnsk barokk med detaljar ein bruker år på å oppdage. Eg var der i 28.000 timar og veit enno ikkje om eg oppdaga alt.
Nokre månader etter at Aasen-tunet var opna i 2000, fekk eg ein siste rundtur med Sverre Fehn i bygningen. Ingen av oss visste at dette kom til å bli det siste verket han følgde frå første strek til siste spikar. Slik fekk eg vite mykje om korleis han hadde tenkt utan å bli forstyrra av korleis han tolka verket sitt. Som andre Fehn-bygningar var også Aasen-tunet eit ope kunstverk, og det ville bli forstått på ein annan måte i 2051 enn i 2001.
Det eg var ute etter, var å vite kva som var viktig for han i hans eige verk, kva rom, avstandar, vegger, opningar, lysfall som hadde mest å seie for han. Mest av alt blei det ein essayistisk tur gjennom verket, og eg trur at eg forstod fleire samanhengar enn før. No visste eg dessutan om éin vegg der Sverre Fehn gjerne såg at ingen bilete blei hengde opp. Då han sa det, var det brått lett å sjå kvifor det nok var lurt.
Undervegs nemnde han at einkvan hadde slått eit slag for ein amfisal med bevegelege stolrekkjer. Det er jeg ikke interessert i, sa Fehn. Noko han sa, fekk meg til å tenkje at arkitektur, det er fordeling av lys.
I kyrkjer er det lys som gjeld, og Sverre Fehn teikna ubygde kyrkjer på Nordkapp, i Harstad og Haugesund og altså eit kapell i Søgne. Han skapte mange fleire verk for museum og utstillingar, og der ligg eit lite paradoks. Gjenstandar må vernast mot sollys, men Fehn såg heile tida etter opningar for å byggje inn lys. Jeg forstår ikke hva de skal med disse mørke rommene, sukka han i arbeidet med eit tilbygg på Bremuseet i Fjærland.
FJÆRLAND. Norsk Bremuseum blei teikna i 1989–91, stod ferdig i 1993 og fekk eit tilbygg i 2007. Frå nokre synsvinklar ligg det som ein kampestein frå istida ute i morenen.
Foto: Sverrefehninfo
Grensa
Grunnsteinen for Aasen-tunet var lagd ned hausten 1996 utan dei byggjeteikningane som etter regelboka skal liggje i det skrinet som ein grunnstein er. Dei neste månadene gjekk Statsbygg og venta på dei første skissene. Så var dagen der då arkitekten skulle møte det som kunne krype og gå av prosjektleiing og konsulentar i Statsbygg. I deira auge var han for gamal vorten.
Han kom med den dokumentmappa eg hadde sett han gå med i Havna allé eit par tiår tidlegare, om han ikkje hadde kjøpt ei ny. I mappa låg dei første teikningane av Aasen-tunet. I det møtet kryssa nokon ei grense og skipla den tilliten som var grunnmuren i alt Sverre Fehn skapte:
Det var ikke noen god stemning i møtet, så jeg åpnet ikke mappen.
Takk for lyden av tid, takk for lyset i rom, Sverre Fehn.
Takk til Henrik Hille, Ervin Strandskogen og Ottar M. Skare for samarbeid 1999–2018.
Ottar Grepstad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.