🎧 Dei rustar opp verdsarven i Sogn
Vel 530 meter over sjøen ligg garden Nedbergo nord for Undredal i Aurland kommune i Sogn. Tunet ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. No er fleire hus igjen komne på trygge fundament og under tette tak.
Det tette tunet på Nedbergo ligg vel 500 meter over Undredal. Dei to stovehusa står øvst, med det torvtekte stabburet til høgre og den nyvølte ostebua til venstre. Låven står på nye murar med brunt platetak. Nedanfor ligg låven som har sige i hop.
Alle foto: Erik Solheim
Restaurering
Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød, og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.
Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Lytt til artikkelen:
Stien til Nedbergo startar på svarte steinar i fjøra. Han ligg under høgt gras som liksom vil dekkje over fara etter dei tusen stega gjennom hundreåra. Stien er berre eit trakk i marka; nokre stader har dei lagt steinar til støtte for foten. Ein times tid tek det før tunet kjem til syne i ei skråning som er litt mindre bratt enn skogen og trelause stup nedanfor. Men jorda er djup og næringsrik under blomsterengene. Insekta svirrar, humlene surrar.
Her dyrka to familiar med 15 menneske 12 tønner korn og 45 tønner poteter i 1845. Ei tønne bygg vog 90 kilo, ei tønne poteter 98 kilo. Dei hadde 12 kyr og 45 småfe, sauer og geiter. Bøar og åkrar var på rundt 45 mål. Det heiter om folket på Nedbergo at dei sat godt plasserte i kyrkja. Lokalhistorikaren Åsmund Ohnstad skriv at garden vart teken opp i eldgammal tid. Éi forteljing går ut på at dei første kom dit frå fjellet, ikkje frå fjorden, til berga der nede.
Skrivne kjelder vitnar om busetjing på 1600-talet, då av éin familie. I 1830 vart garden delt i to. Alle flytta ned til Undredal i år 1900 og sette seg opp hus og fjøs der. Men bøane på Nedbergo slo dei, og dei førte høyet ned til sjøen på løypestreng med to strengar og motvekt på den som ikkje bar lasset. Seinare fekk dei seg motordriven taubane. Over fjorden rodde dei avlingane. I krigsåra 1940–45 tok folket igjen bustad i høgda, på det eine bruket vart dei der til 1950. Slåtten heldt dei på med til 1964.
Minner om klyngjetun
Husa på dei to bruka ligg tett, dei minner om eit klyngjetun. To likearta stovehus med kjellar under, står ved sida av kvarandre med ramen ut mot fjorden. Dei har lenge hatt tak av bølgjeblekk og held seg godt. Det eine er truleg frå 1700-talet, står det i ein eigen restaureringsplan for verdsarvområdet. Det andre kom opp rundt 1835, etter at garden vart delt.
Det eine bruket har eit stabbur ved sida av, restaurert i 2015 med nye stabbar under, nokre nye veggstokkar og nytt torvtak. Ved sida av den andre stova hadde ei lafta ostebu på lag velta. Nokre av stokkane var likevel brukande i det som no er eit fullrestaurert hus på nylagde murar. Det står att å få torv på taket. For enden av bua stod ein fjøs for småfe som det òg er planen å få opp att. Muren er ferdig. Det store arbeidet var å berge løa, ein enkelt lafta bygning på så høge murar at det var kufjøs under låvegolvet. Murane hadde sige ut av balanse. Men sherpaer frå Nepal, dei som handterer blokker med handemakt, har lagt dei opp igjen. Eitt og anna var det å gjere med treverket òg, men det meste er som før. Den andre løa i tunet er verre medfaren. Etter lang tid utan tak er tilstanden dårleg, og utsiktene til å få det huset opp igjen er usikre.
Begge løene er frå rundt 1835 og begge er lafta. Men fleire av stokkane er slett ikkje beine, og dei ligg ikkje tett i hop. Det var ikkje så nøye i slike hus; høyet hadde godt av å ligge luftig. Men det kravde ein særskilt konstruksjon for å stabilisere veggene. Ned gjennom kvar bete har dei stukke to firkanta nåler (boksar), éi ute og éi inne. Dei går vidare gjennom to andre trestykke, eit nedst i veggen og eit midt på. Nålene låser stokkane og hindrar at dei sig ut av stilling.
Turisme og slått
Men korleis fekk dei på plass all materialen som skulle til for å reise husa? På Nedbergo var det heller enkelt. Rundt tunet er det berre lauvskog, men vel hundre meter høgare oppe står det rakvaksne furetre. Verre var det på andre sida av fjorden, på Stigen, ein annan høgdegard. Også der er to bruk, på kvar si hylle 300 og 350 meter over fjorden. På Øvre Stigen sette dei opp nytt stovehus like før 1900, ein relativt stor bygning med ark og sveitserpreg. Materialen kom frå Nordheimsdalen, ei halv mil lenger ute i fjorden og eit godt stykke oppe frå sjøen. Frå stranda og opp til Stigen bar dei all materialen. Ei historie frå den andre garden, som har sveitserhus med skifertak, går ut på at når ungane hadde lagt seg om kvelden, gjekk mannen og kona ned til sjøen og tok med seg skifer opp att. Han bar fire steinar og ho bar tre. Det går 15 steinar eller meir til ein kvadratmeter på taket. Også på Øvre Stigen er restaurering i gang. Eigaren vil få orden på både stova og løa, dei to husa som står der. Nedre Stigen er i drift kvar sommar med turisme og slått.
Statleg støtte
Opprustinga på Nedbergo er ein del av innsatsen for å halde ved like bygningar og andre kulturminne i verdsarvområdet. Til dette får Riksantikvaren pengar over statsbudsjettet, og det er fylkeskommunane som vurderer søknadene og fordeler tildelte midlar frå staten. Kulturminnefondet er ofte med på betalinga. Eigarane må levere søknadene og gjerne prøve andre kjelder til finansiering. Ein eigen restaureringsplan er laga for bygningar i verdsarven, og der står det kvar dei har lyst til å legge innsatsen først.
– Fylkeskommunen prioriterer bygningar som står, i det minste ein del av dei, seier seniorrådgjevar Arlen Synnøve Bidne.
Til reine kopiar er det vanskeleg å få pengar. Dette inneber at mange stølar og andre hus i forfall vert liggande som ruinar og nedramla steinmurar. Men forvaltninga vil gjerne få med meir av andre spor enn hus som er igjen etter tidlegare bruk enn gardstuna.
Verdsarvpark
Ein del av verdsarvarealet er verna som Nærøyfjorden landskapsvernområde. Her har eit eige områdestyre forvaltninga. Eitt mål er å halde kulturlandskapet ved like, både det som veks på bøar og beite – mellom anna slåttemarka på Nedbergo – og bakkemurar, stiar, klopper og anna som er bygt. I slike saker er det Miljødirektoratet som sit med den statlege pengesekken. Dette er arbeidskrevjande og dermed dyre oppgåver, og dei fleste eigarane har lite praktisk eller økonomisk nytte av skjøtselen. Områdeforvaltar Anbjørg Nornes meiner at god samordning mellom tiltak for bygningar og for landskapet og kulturminna der, er ein styrke i arbeidet.
Også ein tredje aktør har roller i forvaltninga, stiftinga Nærøyfjorden verdsarvpark med sitt styre og ein administrasjon. Dei støttar òg skjøtsel og restaurering av kulturminne og landskap. Enkelte eigarar slår framleis, med pengestøtte, bøar utover langs fjorden frå Undredal og fraktar høyet heim i båt. Verdsarvparken har sin eigen forvaltningsplan for alt som er med i parken. Der står det om tiltak for urørt natur, for kulturmarker og mangt anna som skal halde verdsarven i stand. Til dette høyrer i stor grad minnesmerke etter eldre liv i grendene og på einbølte gardar.
Erik Solheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til reine kopiar er det vanskeleg å få pengar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
Thomas Hylland Eriksen fotografert i samband med utgjevinga av boka Appenes planet i 2021.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)