JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Dei løfter Bryggen i Bergen for nye 200 år

Bryggen i Bergen står for det meste på areal som var salt sjø
då Olav Kyrre skal ha grunnlagt byen i 1070.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Veggene er tette, med tømmer glatta med øks. Bjelkar er nye eller skøytte. Nye bord tettar golvet der dei gamle hadde smuldra. Boltar i veggen til høgre går gjennom opplengjer på andre sida for å halde laftestokkane på plass.

Foto: Erik Solheim

7220
20200117

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Lenge har bygningane utover i Vågen sige. I år 2000 starta dei med å løfte husa opp igjen og vøle ròteskadane på denne skatten som vart freda av Riksantikvaren i 1927 og fekk sitt namn på lista over den kulturelle verdsarven vel 50 år seinare, i 1979.

Mange år vil gå med til det omstendelege arbeidet. Stiftelsen Bryggen står for det praktiske og økonomiske under overordna styring frå Riksantikvaren, som finansierer rundt tre firedelar av eit årleg budsjett på nærare 20 millionar kroner. Tolv tømrarar er i sving. Forfallet er langt på veg stansa; vøling har vore i gang sidan 1962. Bryggen er i bruk av kunstnarar, handverkarar, organisasjonar, butikkar og andre som finn seg vel til rette på skeive golv og mellom vegger som slepper frisk luft inn i romma. Utan ekstra isolasjon går det likevel mindre energi til å halde Bryggen i bruk enn det som er vanleg forbruk i næringsbygningar med lågenergistandard – 90–100 kWh/kvadratmeter på Bryggen mot 115–120 etter dei moderne måla, fortel Bernt-Håvard Øyen. Han er direktør for Stiftelsen Bryggen, som eig 38 av dei 62 freda husa som står att.

Naustbuer

Bryggen var på tusentalet ei samling einhøgda og torvtekte naustbuer halvveges oppe ved Øvregata. Dette var stolpehus. På 1200-talet kom lafteteknikken og tok over, bygningane vart etter kvart høgre og hadde svalgangar over første høgda. Rekkjene låg tett. Nye hus måtte komme utover i sjøen. Der stod dei på bolverk av krysslagde stokkar og med stein inne i kara. Kvart hus var ein særskild eigedom. Mellom rekkjene var det smale passasjar for gjennomgang. Dei som levde her, var handelsfolk. Tørrfisk, tran og skinn kom frå Nord-Noreg, mjøl, glas, vin og mangt anna frå utlandet. Verksemda gav store inntekter, og Bryggen vaks. Nokre kjøpte seg inn for skyhøge summar. Ovanfor rekkjene kom det på 1200-talet opp steinmura hus til lagring av særleg verdfulle varer. Dei står der like heile. Og seks kyrkjer skal dette samfunnet ha reist. Bergen var ein internasjonal hamneby med stor omsetning. Tyskarane melde tidleg sine interesser. Hansaforbundet hadde eige kontor på Bryggen i nesten 400 år, frå 1360 til 1754.

Berre steinkjellarane og Mariakyrkja står igjen frå mellomalderen. Brann slukte fleire gonger mykje av den tettbygde trebyen. I 1702 låg på lag alt i oske. Men handelsmennene – no også bergenske borgarar – bygde straks opp igjen, etter same mønster som før. Opparbeidde rettar og avtaler gjorde det nesten uråd å endre noko. Desse rekkjene frå 1702 fekk stå i fred til 1898. Då hadde tørrfiskhandelen minka mykje, og nye interesser ville rive det gamle og byggje nytt i mur. Dei fekk det som dei ville, og nesten halve Bryggen vart radert vekk i sør. Ein brann i 1955 gjorde fleire rekkjer i nord til inkjes. Nokre stod våte i augo av flammane, andre møtte opp for å nyte logane. Bryggen var ute av bruk, i forfall og lite påakta. I femtiåra hadde arven etter tyskarane låg status.

Arkeologiske utgravingar

Men somme tenkte annleis. Etter brannen kom det i gang arkeologiske utgravingar av branntomtene. Førstekonservator Asbjørn Herteig leia arbeidet og gjorde stadig kjent kva dei fann. Dei løfta opp i lyset restar etter eit frodig folkeliv og eksotiske varer sidan vikingtida. Bergensarane fekk servert ei historie dei ikkje hadde visst om. Stemninga i byen snudde. Stiftelsen Bryggen og eit venelag vart skipa i 1962. Men éin ting var å hindre meir riving, noko anna å stanse forfallet. Ein eksplosjon i 1944 hadde flerra teglsteinen av mange tak. Treverket rotna under lekkasjar, nover opna seg i romma. Og bygningane seig; no ligg fronten ein halv meter lågare enn då krigen var over. Husrekkjene står på opp til ti meter tjukke lag på sjøbotnen av restar etter livet gjennom hundreåra. Lenge var dette ein nesten stabil masse fordi regnvatn frå terrenget lenger oppe, og frå taka, seig ned i grunnen og hindra at luft kom til det organiske materialet. Utan oksygen går nedbrytinga svært seint. I moderne tid la dei grøfter i grunnen og samla takvatnet i tette røyr, vekk frå tuftene. Nedbrytingsorganismane fekk gode tider. Bolverket under bygningane rotna. Husa vakla.

Sidan Prosjekt Bryggen kom i gang i år 2000, er elleve­–tolv hus vølte og i god stand. Att står rundt 20 som treng grundig restaurering. Dette er tidkrevjande. Handverkarane dokumenterer alt som er, både før vølinga startar og undervegs. Med ein kraftig rigg løftar dei husa 1,5 meter for å få arbeidsrom til å skifte ut det som trengst av bolverket, og legge inn nye stokkar der lafteveggene er rotne. I ferdig stand står husa rundt 60 centimeter over fortauet, på same nivå som rundt 1860. Når bolverket er i orden, kan dei legge bjelkar for nytt golv på toppen og gå laus på veggene. På underlaget fyller dei frisk flis som skal fjerne oksygen frå vatnet i grunnen.

Gamle handverksteknikkar

Målet er å nytte stokkar med same dimensjon og kvalitet som dei gamle – og material som er tilverka på same måten, med «gamle» spor etter reiskapen. Av ny material skal det vere nok, ikkje meir. Bryggen er bygd av fure, i stor grad av strilar. Dei kunne reise heilt til Voss for å kjøpe tømmer. Dei som no restaurerer, vel ut tre i skogen, kløyver stokkar med kile og lagar tjukke golvbord med øks. Ein stokk som høver til lafting, er annleis enn dei som vert sterke bjelkar. Snikkarane høvlar laftestokkar og bord glatte med hand og skifter ut rotne delar av veggene, stokk for stokk, nov for nov. Nye jarnboltar med rette dimensjonar får dei frå ein smed. Av gamle reiskapar lagar dei kopiar, om det er noko dei manglar. Ikkje berre skal dei få vegger og fundament i stødig stand, dei skal leite opp att og trene på gamle handverksteknikkar, det som no heiter immateriell kulturarv – innsikt i korleis dei gjorde det før. Somme er drivne i arbeidet, andre under opplæring. Det er heller ikkje gjort i ei handvending. Minst fire år reknar dei at det går med til å øve inn det som trengst. Kunnskap og innsikt må sitje i nevane, ikkje berre i skolten. Opplegget minner om den grundige opplæringa i dei gamle lauga.

Husrekkjene på Bryggen er rundt 90 meter lange, med lafta hus ende mot ende, tett i tett. Mange av romma var varelager, nokre var kjøpmannskontor, soverom, skjøtstover for mat, kvile og undervisning. Få av trehusa hadde varmekjelde. Trongt var det; drenger låg to og to i små skåpsenger. Dei som levde på toppen av rangordninga, kunne ha eigne vintersenger for å halde varmen.

Veggene vert utbetra stokk for stokk, vindauge treng kanskje nokre nye stykke, dørene har sine skavankar, ei ny trapp må til. Snikkarane har verkstader for slike finare arbeid, ein av dei med motorisert reiskap. Når det heile er ferdig, skal husa vere sikra for eit par hundre år framover. Målet er å rekke over heile Bryggen innan 2030.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Éin ting var å hindre meir riving, noko anna
å stanse forfallet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis