Restaurering

Restaurert finneplass i botanisk oase

På den gamle finneplassen Mikkelrud nord i Aurskog-Høland har Anne-Lise Torvund og Tore Ovlien restaurert tunet, og dei held liv i rike blomsterenger av den høgste verdi på innmarka. Rundt sju veker tek det, kvar sommar, å slå og tørke graset.

Finnar svidde skog og dyrka rug her på 1600-talet. Dagens Mikkelrud er frå husmannstida i 1800-åra. Dagens eigarar har endra garden frå forfall og gjengroing til snart freda kulturminne. Blomsterengene lever som dei har gjort i fleire hundre år.
Finnar svidde skog og dyrka rug her på 1600-talet. Dagens Mikkelrud er frå husmannstida i 1800-åra. Dagens eigarar har endra garden frå forfall og gjengroing til snart freda kulturminne. Blomsterengene lever som dei har gjort i fleire hundre år.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Torvund og Ovlien fekk kjøpe garden i 2010. Synet som møtte dei første gongen, var grå, falleferdige hus, eit varsel om at mykje arbeid venta. Hovudbygningen stod med litt teglstein og ein sundriven presenning på taket. Låven hadde glidd ut av fundamenta og fått kraftig slagside. Stokkane sprikte i veggene og mønet hang ned på midten. Det stod ikkje betre til med sauehuset. Kyrafjøset hadde ramla i hop, utan botevon. Berre stabburet var i god stand. Nett ein slik plass hadde dei drøymt om. Dei ville berge dette kulturminnet.

Og dei gjekk laus på oppgåva. Ein bygningsvernkonsulent kom til at stovehuset var mindre medteke innvendig enn utvendig. Dei nye eigarane la først bølgjeblekk på taket, og huset tørka opp, takka vere den gamle måten det var bygt på. Leira i golvet sleppte væta frå seg. Med mineralull som isolasjon hadde mykje vore verre.

Det første huset dei gjekk laus på, var ei koie litt nedanfor tunet. Så låven. Dei merkte alle delane og plukka ned huset. Kunnige snikkarar bygde opp att steinkjerr til fundament og lafta i hop nye stokkar nedst i veggene, på den eine sida sju. Dei gamle hjelpte Ovlien til med å legge opp att. Året etter var det same framgangsmåten med sauehuset. Det hadde rotna mot jorda og trong nye stokkar frå grunnen og eit stykke opp.

Takstikker

I hovudbygningen er bjelkane under kjøkkengolvet og nokre golvbord nye. Nytt er òg utbygget over inngangen til stova. Det gamle var heilt forsarva. Nokre uthysesperrer (dei som ligg utanfor endeveggene) hadde rotna. Også taket er nytt. Vêrhuda øvst er gamle teglpanner som dei fekk tak i ein annan stad. Under ligg det kopi av det som tidlegare var vanleg å tekkje med – stikker. Dette er ein halv meter lange trestykke, knappe 10 centimeter breie og ein liten centimeter tjukke. Dei er skorne ut av granstokkar med ein kraftig høvel som to hestar drog medan mannen sat oppå og gav høvelen tyngde. Først saga dei ned i stokken på tvers slik at stikkene kom ut med høveleg lengde. Til Mikkelrud kom flisene frå eit sagbruk på Kirkenær i Solør. Sagmeisteren der, ein åttiåring, hadde dampmaskin til å dra høvelen. På taket ligg stikkene i tre lag. Kvar av dei er festa med ein tynn og 50 millimeter lang spesialspikar som Norsk Skogfinsk Museum kunne levere. 12.000 stikker og stiftar gjekk med.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement