Mat
Røykt magi
Det er éin ting mange kulturar i store delar av verda har kome fram til som sanning, og det er at det er ein særs god idé å røykje kjøt.
Ti millionar egg kan ikkje ta feil.Ti millionar egg kan ikkje ta feil.
Foto: Dagfinn NordbøFoto: Dagfinn Nordbø
Det er ikkje mykje vi menneske er einige om. Det er berre å gløtte innom nyhenda. Vi kranglar om alt og ingenting. Men det er éin ting som mange kulturar i store delar av verda har kome fram til som sanning, og det er at det er ein særs god idé å røykje kjøt.
I byrjinga røykte me kjøtet for å gjere det meir haldbart. Røyken fekk ned bakterieveksten og gjorde det mogleg å konservere kjøtet så det heldt seg lenge i forrådet. Det finst ikkje tal på alle dei revar som har lurt seg inn i stabburet vinterstid, for der å oppdage at dei smarte menneska hadde hengt spekeskinkene, røykjeflesket og pølsene høgt oppunder taket med tau.
Då vi fekk høve til å kjøle maten, heldt vi likevel fram med røykinga, for sjølv om dei moderne tidene gav oss flust med eksotiske krydder i skåpet, var det lite som kunne konkurrere med den genuine røyksmaken. I dag kan du sjølvsagt få kjøpt røyksmak på flaske – ei kjapp løysing for dei som plutseleg får lyst til å jazze opp gryteretten sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.