Reportasje

Sag til eige bruk

Skog-Noreg er på veg til å verte ein råvareeksportør. Vi eksporterer tømmer og importerer svensk plank. Kan vi ikkje bygge med eigne tre?

Høvelen korrigerer skeiv material etter tørking.
Høvelen korrigerer skeiv material etter tørking.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Kvar byrjar ein når ein skal skrive om den norske skogen? Eit tre er langt – ikkje berre per definisjon over fem meter langt, eller høgt, som vi vanlegvis seier, men òg i levetid: I norsk klima tek det minimum – minimum! – femti år frå frø til hogst, og så, om treet er godt nok til å verte ein tømmerstokk og ikkje ein vedkubbe eller ei fyringsflis, skal det leve i mange, mange år som husvegg, klatrestativ, kjøkkenbord eller flytebrygge.

Men eit tre er òg rundt – slik veks det, rundt og rundt ein kjerne, i meir eller mindre runde årringar, gjerne litt større på sørsida, og med ulike kvalitetar innanfrå og ut: I furua, til dømes, er det kjerneveden som er gull verd, alen, kallar vi han, medan det hjå bjørka fort kan vere borken vi vil ha – nevra, som har stoff i seg som hindrar andre ting i å rotne.

Ja, og trea er laga for å vere del av ein rundgang: Lenge før dei døyr, set dei dei fyrste frøa, og rotne tre er mat for heile skogen. Utanfor der igjen, rundt trea, er det òg ein runddans, frå skogeigarar med hogstlag og biologar med soppbøker til treprogrammet som Innovasjon Noreg har hatt med seg sidan før det vart starta, og som ifylgje dei sjølve har «generert utviklingsarbeid for om lag 1,5 milliarder kroner».

Tre er viktig for Noreg. Trevirke er midt i det grøne skiftet og vert ofte omtala som den nye oljen. Alt vi lagar av plast, kan vi lage av tre, seier vi. Og Noreg vert stadig meir skogdekt. Men klarar vi nytte oss av dette treverket? Tek vi vare på skogen, skogbrukarane og treskallane våre slik dei fortener? Skogen er stor, og det same er norsk skogbransje. Lat oss sjå litt nærare på om vi forvaltar han slik vi burde.

Bruket i midten

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement