Spelemann på Øygarden

I eit tun med ti gamle hus – åtte av dei freda av Riksantikvaren i 1969 – vaks han opp, hardingfelespelaren Lars Erik Skjøtskift Øygarden. Her har han tenkt å bli verande. Ein god del arbeid med vøling av arven frå fortida ventar på han.

Det freda rekkjetunet på Sud-Øygarden. Frå venstre i nedre rekkja: fjøsen, løa, buret og loftet. I øvre rekkja: stallen (med bordtak), sauehuset, eldhuset og stova.
Det freda rekkjetunet på Sud-Øygarden. Frå venstre i nedre rekkja: fjøsen, løa, buret og loftet. I øvre rekkja: stallen (med bordtak), sauehuset, eldhuset og stova.
Publisert

Sud-Øygarden kallar dei gardsbruket. Tunet ligg høgt og fritt over enden av Lognvikvatnet, ei lita mil aust for tettstaden Rauland. 760 meter er det ned til havnivået. Ikkje før slutten av mai kunne dei tidlegare vente grønskjær av våren. Men slekta har klart seg her sidan 1700-talet, kanskje før, neppe utan strev. No ser vinteren ut til å gje seg tidlegare.

Eldst er huset som Lars Erik bur i. Det vart reist som årestove, truleg på 1600-talet, og i 1840 utvida med ei høgd over den treroms bygningen. Å byggje loft over stova er i tråd med skikken både i Vest-Telemark og elles i landet. Då dei fekk peis eller jarnomn, og skorstein, måtte det ikkje lenger vere fri veg til ljoren for å få ut røyken. Eit lafta hus er lett å gjere høgre. Dei tok av taket, la inn bjelkar på tvers til loftsgolvet og heldt fram med fleire lafta omfar oppover. Så kunne dei setje opp att sperrene og troet, eller legge nye, lyse bord i staden for dei sotsvarte. Den tidlegare årestova har to rom i tillegg, gang og kove. Ho er møblert med langbord, benker, senger og skåp i tillegg til peisen.

Eit staseleg loft kom opp i 1777, medan svala har ein rosett med årstalet 1791 og sikkert er noko yngre enn den lafta kassen innanfor. Alderen på husa er det Lars Erik som fortel. Dei dekorerte plankane på sida av døra nede og opningane oppe kom så seint som i 1960-åra, skorne av bestefar til Lars Erik og hans bror. Dei kopierte nøye eit tilsvarande mønster på ein av grannegardane. I loftet står framleis ei seng og anna utstyr som fortel at andre høgda var både eit staseleg gjesterom og ein stad for å ta vare på verdfulle saker. I første høgda lagra dei mat.

Oppe frå bakken

Loftet har ikkje berre rike utskjeringar som trekkjer augo til seg; sjølve forma løfter det over dei andre husa. For det første står huset oppe frå bakken, på stolpar som grip om ei grime av høge, trapesforma stokkar. Halvklovningar – delane av ein kløyvd rundstokk – kviler på stolpane. Oppå dei er det lafta ein enkel om lag kvadratisk kasse i to høgder. Sperrer ber taket, med hjelp av ein ås, ein bjørnerygg, på kvar side. Dette er som i andre bygningar.

Mot tunet har dei så gjort huset lenger, med ei sval, ved å la laftestokken under andre høgda gå fram på ein kraftig profilert stav med grima nede som fundament. Mellom laftet, hjørnestolpen og inngangsdøra er det kledning av ståande tiljer, kant i kant i ei grøyp, ei not i stokken over og under. I andre høgda vert det meir spenstig. Dei grove hjørnestolpane ser ut til å mangle eit solid nok underlag. Ser vi nærare etter, oppdagar vi at svalene rundt heile huset kviler på utstikkande veggstokkar i laftekassen. Dei liggande delane under tiljeveggene møtest under hjørnesøyla. I balansegang mellom det som er sterkt nok, og det som er smekkert og vakkert, har snikkarane oppnådd begge delar. Frå bursvala nede går det trapp til loftssvala. Over inngangsdøra er det, som vanleg i Vest-Telemark, eit felt i veggen med utskjeringar og tre rundboga gluggar som slepper lys inn. Det lafta rommet innanfor er utan vindauge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement