Restaurering
Stavbygde hus – ein levande steinalderskikk
I opphavet, nesten, var stavhus. I dag står dei som solide bygningar langs kyst og fjordar på den lange vegen frå sør til nord i landet.
Ei engelsk løe i stavlinekonstruksjon; stavlægja ligg under samhaldet på tvers. Med ulike former på delane og samanføyingane var stavbygde hus i bruk i alle Nordsjølanda.
Alle illustrasjonar: Erik Solheim
Dette er ein tradisjon som dei kunnige meiner er bortimot 4000 år gamal, og som det finst restar av rundt heile Nordsjøen. Dei fleste grindhusa hos oss i dag er løer, naust og andre uthus som ikkje gjer mykje av seg. Men staven er den berande delen også i stavkyrkjene, gudshusa som vert rekna som vårt mest sjølvstendige og tydelege tilskot til verdsarkitekturen. Dei er bygde med handverk og materialinnsikt som knapt finst lenger. Bakom låg praktisk røynsle gjennom generasjonane.
Steinalderbøndene – eller nokre av dei – heldt til i langhus med folket sitt og husdyra sine. Først, meiner arkeologane, hadde bygningane éi stolperekkje som bar ein mønsås. Frå den låg det sperrer ut på lågare sidevegger. Med denne løysinga vart det ikkje press utover på langveggene. Seinare vart det to stolperekkjer med tverrstokkar som heldt huset i hop. Sperrene gjekk framleis ned på låge yttervegger, kledde med flettverk av greiner og renningar og tetta med leire. På taket låg først halm eller andre slags strå. Dagens oppfatningar om korleis dei bygde i førhistorisk tid byggjer på slutningar ut frå plasseringa av stolpehol og andre funn som arkeologane har gjort. Kor representative funna er, veit ingen. Alle flokkar var neppe mangmente nok til å halde seg med store, arbeidskrevjande hus. Frå først av var husa av tre som dei hogg ned og kappa, men ikkje gjorde stort meir med. Arbeidet måtte dei utrette med reiskapar av lokale steinslag, eller i beste fall stykke av det kvassare mineralet flint. Det finst ikkje i fast fjell her til lands, berre spreidd langs strendene i sør, frakta dit av isfjell over havet. Men små var ikkje bygningane dei no har oppdaga spor etter. På Hundvåg i Stavanger har det stått eit i bronsealderen. Det var 22–25 meter langt og 8 meter breitt.
Andre tider kom med jarn til øks, kniv og borereiskapar. Den berande løysinga med stavar og sperrer levde vidare. Men med stål i neven kunne dei føye delane saman på andre måtar. Nokre hus vart svært store. På Ullandhaug ved Stavanger har dei rekonstruert eit langhus frå jarnalderen med meir enn 34 meter innvendig lengde. Det har stein og jord i langveggene. Dette isolerer betre enn flettverk og leire, eit gode då klimaet kolna etter den varme bronsealderen. Det kom torv på taket i staden for strå, les arkeologane ut av funna.
Grindhus
Grindhuset har sin berande konstruksjon av fire ulike delar. Ei grind er to stavar og ein bete felt ned i dei ståande stokkane mellom to stavøyre. Dei tre delane er stiva av med to skråband som held konstruksjonen stiv sidelengs. To grinder, ei i kvar ende, er nok til eit lite hus. Over betane ligg stavlægjene eller sperrestokkane ute mot stavøyra. På stavlægja kviler sperrene i hakk på innsida. Sperrestokken ligg ned over ein smalare rygg på beten. Dette held grindene på plass i lengderetninga. Skråband går frå stavane på begge sidene opp i sperrestokken. Talet på grinder avgjer kor langt huset vert. Avstanden mellom dei vekslar frå hus til hus, det gjer òg dimensjonane på delane. Dette var bygging ut frå praktisk innsikt som fortalde kva ein stokk kunne tole.
Dei som byggjer nytt, lagar først stavøyra. Så vert stavane lagde vinkelrett på utsida av stavlægja, for merking og hogging av hakk som stavøyra fell inn i. Skråbanda vert forma og går som regel ned i innfellingar i stav og stavlægje, der dei vert festa med naglar i koniske navarshol. Når dette er gjort på begge sidene, er det tid for å felle betane inn mellom stavøyra – lage betehalsen – og å forme den ryggen som skal hindre at grinda (stavane og beten) kan flytte seg under stavlægja. Så er det det å få skråbanda på plass. Siste etappe er å kappe sperrene i rett lengde, lage tapp og klauv i endane oppe og hogge ei mothake nede på sperra. I stavlægja må det vere hakk som sperrene kviler i. Er det snakk om å skifte ut noko eit ståande hus, er oppgåva å kopiere dei skadde delane og å skøyte dei nye saman med dei gamle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.