Historie

Stokk og stein mot stortingsrepresentant

Då det stod på som verst, måtte ungane til Knut Markhus følgjast av politifolk til og frå skulen, fortel barnebarnet Knut Hovland på Halsnøy. Markhus blei kjeppjaga i Trondheim gjennom fire år og er den mest forfølgde stortingsrepresentanten i Noreg.

FØRSTE FOLKEMØTE. Trondhjems-tilhengjarar ved paviljongen på Rådhusplassen, no ved Trondheim folkebibliotek, truleg 4. juni 1929.
FØRSTE FOLKEMØTE. Trondhjems-tilhengjarar ved paviljongen på Rådhusplassen, no ved Trondheim folkebibliotek, truleg 4. juni 1929.
Publisert

– Bestefar og bestemor reiste frå Trondhjem i 1933. Då kom politiet til dei med desse. Her er våpena.

Den tidlegare bonden og inseminøren Knut Hovland (86) står med to stokkar i handa. Den eine tjukk, den andre tynn, begge om lag 140 centimeter lange. På den tjukke stokken stikk greinfesta ut, klare til slag.

Stokkane ser friske ut.

– Ja, dei er av brake, og då går det ikkje mott i dei. Desse hadde politiet kverrsett den gongen, seier Hovland.
– Det må ha vore i august 1929, seier eg, løftar eine stokken og kjenner historia tyngje.
– Eg fekk dei av tante Ingjerd for om lag 20 år sidan. Du må berre ta dei med deg, seier han.
– Vil du gi dei bort, bør dei kome til eit museum, aller helst Sverresborg i Trondhjem, seier eg og rullar dei inn i eit pledd. Eg må tilbake dit dei kom frå, der slaget om Trondhjem stod 1928–31.

Omkampar

Etter éi folkerøysting, fleire folkemøte og bystyrevedtak, endå fleire valdsaksjonar og sju vedtak i Stortinget på to år – dei fleste med knappe fleirtal – og to bynamn på like mange år heiter byen Trondhjem frå og med 6. mars 1931. Motstandarane av Nidaros vinn mest, men taper til slutt likevel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement