Restaurering
Storfjorden: Elden slokna – kulturarven livnar til att
På 43 år har Storfjordens Venner restaurert eller reist kopiar av 150 bygningar på 34 gardsbruk langs dei indre fjordane på Sunnmøre.
Tunet på Skageflå, 250 meter over Geirangerfjorden. Fremst stovehusa med torvtak, bak ei nybygd løe, til venstre taket på den løa som for det meste er original.
Foto: Erik Solheim
Dei fleste plassane er longe sidan fråflytta. Tida gjekk frå livet på små hyller nokre hundre bratte meter over sjøen. Husa seig sakte ned i graset. Fleire hadde ramla.
Ei så omfemnande gjenreising av kulturminne i regi av éin organisasjon veit ingen om andre stader i landet. Dei starta i det små, med eit brunnhus på Skageflå, like vest for Geiranger. Det var i 1977. Ein av medlemene i styret, Dagbladet-fotografen Johan Brun, hadde vore i Amerika og snakka varmt for restaureringsarbeidet. Sons of Norway samla då i hop nok pengar til å vøle minihuset.
Den første tida gjekk mest til å finne ut av skadane og legge plater på tak for å stanse forfallet. Dugnad og eigne midlar var innsatsen. Seinare kom det tilskot frå fylkeskommunen, Kulturrådet, Riksantikvaren, nokre bankar og selskap. Norsk Kulturarv og Kulturminnefondet er yngre pengekjelder som har støtta godt. Dronning Sonja engasjerte seg, også med pengegåve. No har Storfjordens Venner ei prosjektgruppe som administrerer restaureringane. Det meste av arbeidet med stein og treverk er det leigde fagfolk som tek seg av. Dei første åra var kunnskapen om god restaurering spinkel, det vedgår dei lett. Etter kvart vann dei stor respekt hos fylkeskommunen og Riksantikvaren for den antikvariske kvaliteten. Og sunnmøringane har fått blod på tann – ein husmannsplass står for tur. Nevar som vøler steinmurar, trevegger og tak, vil komme til fleire tun.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.