Reportasje
Sverre Fehn – meisteren som bygde lys
Sverre Fehn (1924–2009) skapte kunst ved å forstå stader, gå mot grenser og fordele lys. Denne veka er det hundre år sidan arkitekten Fehn blei fødd.
VENEZIA. Den nordiske paviljongen ved Veneziabiennalen stod ferdig i 1962 og romma ei stor utstilling av modellar av Sverre Fehns verk under Arkitekturbiennalen i 1998.
Foto: Daniel Ryan / Flikr
Ei av dei rarare gateadressene i Oslo er Havna allé. Namnet peikar mot sjøen, men denne alleen går parallelt med Sognsvannsbanen like ved Blindern stasjon, 75 meter over fjorden og fleire kilometer frå nærmaste båt. Forklaringa er enkel: Her låg ein eigedom som hadde vore del av eit krongods, og som i si tid fekk namnet Havnen. Ein gong hadde det nok vore hamnehage for hestar eller beitedyr der. I denne gata budde eg i 1975–76.
Eg var 22 år og dreiv med politikk, ikkje arkitektur. Mange år seinare såg eg at den vesle blindvegen var ei utsøkt funkisgate med det eine huset etter det andre frå 1930-åra, og at Arne Korsmo og Sverre Aasland hadde teikna 13 av dei. Der og då forstod eg i det minste at det var noko særskilt med Villa Dammann (1932) inst i alleen. I lyse dagen skein den blå halvrunda veggen ut i gata. Ut i natta strålte lampene mot veggen eit blått lys som var det eit eventyr, eit hus i ei gåte.
Havna allé var ei gate så stille at eg knapt hugsar andre enn ein som gjekk der. Han såg ut til å vere ein eldre mann, og han bar ofte på ei svart dokumentmappe, ei slik med glidelås langs tre sider. Mannen med den svarte dokumentmappa budde i det blå huset, og etter kvart fekk han eit namn. Då eg helsa på Sverre Fehn for første gong tjue år seinare, var han blitt eit verdsnamn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.