To vølte hus – etter to ulike kulturar

I Vinje har dei berga to heilt ulike hus, begge med sterk symbolverdi og begge godt kjende: Vinjestoga og det karakteristiske loftet på Botn.

Vinjestoga, nyleg restaurert med nesten heilt ny vegg mot vest, nytt tak og nokre nye botnstokkar.
Vinjestoga, nyleg restaurert med nesten heilt ny vegg mot vest, nytt tak og nokre nye botnstokkar.
Publisert

Vinjestoga på Plassen, ikkje langt frå Vinjesvingen, var i mange år prega av elde. Men det gjekk seint, og huset var i bruk. Folk fekk komme inn og høyre om den seinare så kjende Aasmund Olavsson, som vaks opp der. No er stova restaurert av Vest-Telemark museum. Ho har kanskje aldri vore i betre stand.

Huset vart bygt i 1824, seks år etter at Aasmund Olavsson Vinje kom til verda. Det vart freda av Riksantikvaren i 1923. Jorda var ein husmannsplass; Olav Aasmundson åtte ikkje jorda. Men han slapp pliktarbeid for eigaren. Huset er eit enkelt laft, ope til sperretaket og med to rom: stova med peis og ein gang utanfor. Til tunet høyrde òg eit bur som framleis står, og løe og fjøs. Dei er vekke.

Det meste av langveggen mot vest er no av nye stokkar. Endeveggene var rotna berre nede, medan den skjerma austveggen står som før. Sperrene og den eine av bjønnaryggane, åsar på kvar side til støtte under sperrene, er nye. Det enkle inventaret er for det meste som då A.O. Vinje vaks opp i lag med foreldra, ei eldre syster og ein halvbror. (Mora døydde då Aasmund var ti år, og faren gifte seg opp att.) Inne står framleis eit bord, veggfaste benker, ei seng, to kubbestolar, ein pinnestol og eldstaden, ein peis som òg er vølt. Eit nyare innslag er pulten Vinje hadde då han var skrivar i Justisdepartementet.

Freda

Vinje kommune eig stova. Dei har kosta restaureringa, medan Vest-Telemark museum har stått for arbeidet. Riksantikvaren betaler som regel for vøling av freda bygningar, men berre for dei som er i privat eige.

Det står sjeldan noko særleg til grunngjeving for dei første fredingane. Bygningshistorisk, kulturhistorisk og arkitektonisk verdi er gjennomgåande viktige moment. Og alderen. Etter dagens lov kan fredingsgrunnlaget også vere offentlege minnesmerke og historiske minne. Vi må tru at for Vinjestoga var mannen som vaks opp der, viktigare enn eigenskapane ved sjølve huset. A.O. Vinje hadde barndomen sin i materielt sett ringe kår, men litteratur og kultur stod høgt i heimen. Avstanden er enorm attende til oppveksten hans for 200 år sidan, aldeles fjern i dag. Pengenaud følgde han forresten heile livet. Han gjorde fleire forsøk på å komme seg ut av den økonomiske trengselen, men i fast stilling vart han aldri lenge. Etter eit halvt års lærarseminar i Kvitseid, med dei beste karakterane skulen nokon gong skreiv ut, var han lærar i nokre år. Han hadde tenkt å emigrere til Amerika, men fekk tilbod om eit lån til å gå Asker seminar, og slo til. Etterpå ville han bli klokkar i heimkommunen, men det heiter seg at presten ordna det slik at ein annan fekk stillinga. Vinje fór til ein lærarpost i Mandal, og han tok til å skrive i avisene. Ei stund var han til sjøs. 30 år gamal kom han inn på Heltbergs studentfabrikk i Kristiania og enda utdanninga si som jurist. I 1865 fekk han stilling som ekstraskrivar i Justisdepartementet. Etter tre år enda det med sparken på dagen fordi han hadde kritisert regjeringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement