Restaurering

Tunet der tida stansa

Nokre kilometer nord for Åmot i Vinje går vegen til Rauland gjennom eit tun med ein dåm avei tid som har stansa nett der.

Det kraftige fjøset frå 1760 har fått nye stokkar i botnen, og nytt tak. Huset er ikkje freda, men eigaren har berga det for lange tider.
Det kraftige fjøset frå 1760 har fått nye stokkar i botnen, og nytt tak. Huset er ikkje freda, men eigaren har berga det for lange tider.
Publisert

På folkemunne heiter garden Nordigard Hylland. Det eldste huset – ivistoga, kallar dei det – fekk dagens form på 1600-talet. Då bygde dei ei høgd til over årestova som stod ferdig for nesten 700 år sidan, før Svartedauden i 1350.

Framleis er huset i bruk. Andre høgda over årestova, ivistog er også namnet på dette rommet, var stasrommet på garden, til liks med mange andre stader i Vest-Telemark. Under utvidinga rundt 1650 fekk huset innvendig kledning av breie, ståande bord. Så, eit og eit kvart hundreår seinare, hyra eigaren den vidkjende rosemålaren Aslak Aasmundsen Nestestog til å dekorere ivistoga – vegger, senger, skåp og anna inventar – i 1787. Bileta har både religiøse og verdslege motiv i tillegg til meir vanlege rosemålingsmønster. Ein bleik blåfarge er botnleten. Noko er gnika vekk av bruk gjennom åra, men det som er att, har framleis eit friskt preg.

Ivistoga var rommet for store høgtider og hendingar på garden. Her heldt dei jul og her feira dei bryllaup. I 1821 var Myllarguten spelemann til eit giftarmål. Han var då 20 år og hadde øvd seg som bryllaupsspelemann sidan han var åtte-ni. Frå langt attende og til 1930-åra var Nordigard Hylland skysstasjon, og ivistoga gjesterom. Her tok embetsmenn inn på reiser i desse grisgrendte bygdene med dalar og fjell i alle retningar.

Preg av det gamle

I 1945 stod eit nytt bustadhus ferdig i tunet. Utvendig har det tydeleg preg av det gamle, med lafta vegger og svalgang oppe og nede på eine sida. Materialen kjem frå heiskogen på garden. Innvendig har veggene panel og romma moderne standard. Riksantikvaren godkjende teikningane, og hadde som krav at det nye ikkje måtte stikke seg ut, men gå i hop med resten av tunet. Det kunne statens mann gjere fordi den gamle stova vart freda i 1923. Og ikkje berre stova; på andre sida av vegen har eit bur frå 1715–20 og eit loft same statusen. Loftet kom opp i 1725–35, og det skal ha vore same eigaren som bygde begge. Tunet har òg to andre hus med respektabel alder. Løa vart reist i tre trinn – i 1719, 1721 og 1762. Like ved står fjøset frå 1760.

Alle dei gamle husa har dagens eigar, Håvard Bratland, hatt om hende for å få dei i stand til å stå der gjennom nye hundreår. Ivistoga hadde jordtak på 1920-talet. Like etter krigen vart det lagt eternit på torva, og ny jord oppå. Platene, som etter reklamen skulle vere evigvarande, heldt i 30 år. I 1975 vart det lagt nytt jordtak, men i 1999 seig vatn ned i romma. Arbeidet kan ikkje ha vore gjort etter den beste oppskrifta. Igjen var det å fjerne torva og legge ny, denne gongen på sju legg med russisk never. Bratland vonar han har gjort det for siste gong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement