Klok på bok

Prima eller primitiv?

Publisert Sist oppdatert

I dag skal me ta føre oss eit tema som kan skape konfliktar, og som har øydelagt mang ei samkome der tanken var at ein skulle ha det triveleg. Skal ein splitte folk og få fram usemje, lyt det sjølvsagt ligge ein meiningsskilnad i botnen. Ikkje nok med det, helst bør alle, utan omsyn til ideologisk ståstad, vere skråsikre på at just deira haldning er den einaste rette. Då er mykje gjort.

Som dei fleste lesarane nok har gjennomskoda, er det primstaven me skal snakke om i dag. At ein trestav med innskorne merke for kvar dag i året kan skape så mykje brudulje og ugreie, er smått utruleg. Men slik er det, anten er du på lag med dei som hevdar at primstaven er primitiv pynt, eller så er du på parti med dei som meiner at primstaven er prima til å halde styr på tidsrekninga innanfor året.

Boklækjaren trivst ikkje best i minefelt, difor har eg valt å ikkje velje side i saka. Eg er tilskodar, ikkje deltakar, i diskusjonen. Og utan å bli tatt til inntekt for det eine eller det andre synet på primstaven, vil eg gjere merksam på at 14. april skal me snu staven til sommarsida, og at me dimed har fyrste sommardag. God sommar, godtfolk!

Så skal me sjå på svaret me skulle fram til denne gongen. Laurits Killingbergtrø skriv: «Litt snodig: Eg gjetta straks Die Spree som svar på ekstraspørsmålet, mest fordi eg hadde ei nydeleg elvereise der da eg var i Berlin for nokre år sidan. Men før eg fekk sanksjonert dette villtipset på side 347, fekk eg lese ei triveleg og stillferdig bok av grenlendaren Hilde Lindset med tittelen Bare de levende trenger å bli husket. Men den rette gjettinga mi fekk meg til å lure på om eg kanskje hadde fått ein sjette sans? Mest truleg ikkje, etter alt slitet eg har opplevd med Klok-gåtene gjennom mange år.»

Folke Kjelleberg skriv: «Denne veka er sitatet henta frå romanen Bare de levende trenger å bli husket, og den vart utgjeven på Tiden Norsk Forlag i 2018. Forfattar er Hilde Lindset, fødd i Oslo, oppvaksen i Solum og no busett i Berlin. I 1978 var det Kjartan Fløgstad som vann Nordisk råds litteraturpris med romanen Dalen Portland. Spree er ei tysk elv som er nemnd i romanen.»

Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren Hilde Lindset er fødd i 1978 og debuterte med novellesamlinga Jeg burde ha sperret deg inne i 2012. Seinare har ho gjeve ut tre nye novellesamlingar og tre romanar. Sitatet er frå romanen Bare de levende trenger å bli husket. Her blir tre elvar nemnde – ei fransk, ei polsk og den tyske Spree.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement