Grunn klimapolitikk
Klimatiltaka skal trengje vekk fossil energi og setje andre drivkrefter i staden. Er det gjennomførleg? Er det forsvarleg?
Brillepingvinar i eit symjebasseng i ein dyrehage i Roma. Pingvinen er utryddingstruga.
Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB scanpix
Debatten har gått i meir enn 20 år. Avtalane frå store toppmøte om «den største oppgåva i verda» er mange og ambisiøse. Dei praktiske tiltaka er likevel nølande. Utsleppa stig. Det einaste som dempa gassmengdene, var den økonomiske stagnasjonen etter finanskrisa i 2008. Men ho gjekk over, og den fossile logen vart større enn før.
Dette er sikkert eit uttrykk for kor vanskeleg oppgåva er, og at statane prioriterer økonomisk vekst over alt anna. Det er ikkje lett å finne teikn til at utsleppa av klimagassar vil gå ned som resultat av politiske vedtak. Fossil energi har i eit par hundre år vore drivkrafta i vestleg økonomi. Alt i samfunnet er innretta etter det. Fossil energi er billeg, tilgjengeleg i store mengder og lett å handtere. Fossilbålet gav ein enorm rikdom.
Fornyeleg energi
No er tanken at den økonomiske veksten skal halde fram, men med andre middel – fornyeleg energi. Tiltaka i klimapolitikken er oppskrifter på lindrande tiltak for å dempe skadane av eit enormt og veksande forbruk av nettopp den energien som held liv i rikdommen. I medisinen heiter slikt palliativ hjelp. Det er støtte for å lindre smertene når sjukdommen ikkje lenger er til å stanse.
Den nyaste utsleppsdrivande verksemda er datateknologien. På kort tid har denne teknikken nådd opp i 4 prosent av primærenergiforbruket i verda. 80 prosent er fossilt. Veksten er for tida 9 prosent i året, skriv Sébastian Broca i den norske mars-utgåva av Le Monde diplomatique.
Vi godtek flaumar av gift og utarmande barnearbeid for å få tak i kobolt og andre sjeldne metall. Stoffa trengst, men i så små mengder at dei er vanskelege å vinne igjen frå kasserte maskiner. Det er større sakleg grunnlag for dataskam enn for flyskam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.