Lat ikkje jantelova ta bunaden frå oss
Noreg vert ikkje meir jamstilt om vi rakkar ned på dei som har teke seg råd til bunad.
Postkort frå kring 1909, handkolorert. Fotograf: Solveig Lund (1869–1943).
Eigar: Nasjonalbiblioteket
Har du planlagt kva du skal seie til «bunadspolitiet» om du treffer dei på nasjonaldagen? Ifylgje reklamekampanjen som Coop Obs har for festdrakter til 17. mai, bør du det. Du bør ha svaret klart, og det riktige svaret er på dialekt, om vi skal tru reklamefilmen: Du skal seie at «dette er ei drakt som eg heve arva etter tipp-tipp-oldefaren min som hang på veggen i eit hodn». Det som ikkje er så viktig, er om svaret er sant, for du skal bruke det sjølv om du, som guten i reklamefilmen, er frå Jessheim og har på deg ei festdrakt mor di har kjøpt til kring 500 kroner på Coop Obs.
Det er sjeldan eg vert provosert av bunadsprat. Ja, eg trur knappast det er noko ved 17. mai som har løyst ut ei einaste kjensle hjå meg. Før no. Før Coop Obs-reklamen for festdraktene, som ifylgje dei sjølve er både smarte, fine og rimelege. Dessutan gjer det ikkje noko om du søler is og ketsjup på skjorta, for ho er ikkje dyr og noko du treng å vere redd for.
Men no, altså, slår det inn. For det de driv med, Coop Obs, er feilslått politisk korrekt antisnobberi. Unødvendig og provoserande snobberi.
Stoltheit, ikkje sjalusi
Å tru at du er meir verd enn nokon frå Jessheim fordi du kjem frå Sogn og har dialekt og ein bunad nokon har teke seg bryet med å skape frå dei gamle folkedraktene, er sjølvsagt snobbete, det òg. Men eg har enno til gode å sjå at nokon synest dei er meir verde fordi dei snakkar dialekt. Derimot er dei stolte over det, både over seg sjølve og området dei kjem frå, og kanskje til og med over å vere del av ein tradisjon. Men det, mitt kjære daglegvaresamvirke, er noko heilt anna.
Ein ny ferdigsydd bunad kostar frå 20.000 kroner og oppover. Det er mange pengar. Om lag 4000 fleire kroner enn Sandvika Storsenter i Bærum meinte ein kunne bruke på ei skuleveske i fjor – då dei i eit innlegg på inspirasjonsbloggen sin synte ei Mulberry-veske til 16.700 kroner som døme på skuleveske til unge kvinner som ikkje vil bruke ryggsekk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.