På tide med rett til nett

Lar vi pengane styre internettutbygginga, skapar vi eit avstandsbasert klasseskilje som er både urettvist og unødvendig.

Mange bønder har investert millionsummar i moderne utstyr til produksjonen, mellom anna automatiske mjølkemaskiner med dataovervaking. Det digitale næringslivet føreset velfungerande nettilgang.
Mange bønder har investert millionsummar i moderne utstyr til produksjonen, mellom anna automatiske mjølkemaskiner med dataovervaking. Det digitale næringslivet føreset velfungerande nettilgang.
Publisert

Bur du i grisgrendte strøk, må du akseptere større avstandar enn om du bur i tettbygde strøk. Og det gjer bygdefolket. Dei aksepterer at det ikkje er lege på vakt i kommunen etter klokka 15, at kulturtilbod er noko du må sette av helga for å få med deg, at siste ferja går klokka 18, at biblioteket har ope berre på torsdagar, og at politiet held til i næraste by og berre unntaksvis tek turen ut på øya du bur på.

Vi bur i eit langt og breitt og høgt og lågt land. Sjølv om pressgrupper med god grunn no og då ropar høgt og skapar inntrykk av det motsette, er det i kvardagen jamt over stor forståing for at ikkje alle tenester kan vere å finne innan like korte avstand overalt. Men dei må vere der.

Det skulle dei nye digitale løysingane hjelpe oss med. I den digitale kvardagen har avstandar mindre å seie: «Utbygging av digital infrastruktur og bruk av digital kommunikasjon vil føre til betydelige endringer i arbeidsmåter og samhandling i og med kommunal sektor», står det i Kommuneproposisjonen 2015, året som markerte starten på kommunereforma: «99,9 pst. av alle hushold har tilgang til bredbånd. Dermed er grunnlaget for at innbyggerne skal kunne kommunisere digitalt med egen kommune til stede i hele landet.»

Tilbod til færre

Ja, framleis har dei aller fleste høve til å kople seg på eit breiband. Men eit høgfartsbreiband var på den tida definert som ein nedlastingsfart på 2 megabits per sekund (Mbit/s). Det tregaste fibernettet har no ein fart på 50 Mbit/s. Prisen er om lag den same. Produktet er det ikkje.

Onsdag vart produktet endå ein god del dårlegare: 1. mai slutta nemleg Telenor å vedlikehalde koparnettet som transporterer breiband via fasttelefonnettet. Ifylgje Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (NKOM) kan dette få konsekvensar for 80.000 breibandskundar i 365 kommunar. Nokre av dei har nok alternativ i god mobildekning og trådlause nett. Men er det mange nok? Kan vi leve med at vi i 2019 tar frå folk noko så grunnleggande som internett?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement