Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
I tildelingstalen heldt leiar Peder Lofnes Hauge fram kor viktig Norsk Barneblad, som framleis kjem i fysisk papirformat, er i vår gjennomdigitaliserte verd. Barna blir tatt på alvor og får noko å tenkje på, i ei moderne og fengjande formgiving. Han sa også at det er nynorsken som gjer bladet viktig.
Redaktøren sjølv legg gjerne til at nynorsken gjer bladet mogleg. Mange gode krefter er med og skubbar på for at bladet skal få nye generasjonar lesarar.
– Til lykke med målprisen, gode Nana! I snart 25 år har du sete som redaktør for Norsk Barneblad, verdas einaste magasin for barn på nynorsk.
– Eigentleg er det utruleg at akkurat eg skulle få målprisen. Eit opphald i Frankrike då eg var ung, gjorde meg bevisst på kor viktig språk er for å kunne vere seg sjølv. I utlandet måtte eg understreke identiteten min på andre måtar. Då eg kom heim, melde eg meg inn i Noregs Mållag, språket mitt var jo nynorsk.
Ein kald haustdag i 1981 troppa ho opp på eit møte i studentmållaget, med raude negler, stiletthælar og svart skinnjakke med skulderputer.
– I døra vart eg møtt av ei ung studentmållagsjente i setesdalskufte. Ho målte meg opp og ned før ho sa rett ut at eg hadde nok gått feil. Eg vart veldig lei meg og konkluderte med at organisert målarbeid ikkje var noko for meg. Nettopp difor var det så kult å få Målprisen – slik at også vi som står litt utanfor den organiserte målrørsla, kan bli sette og verdsette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.