Bok

Afghansk glød for Amalie Skram

Ein norsk roman frå 1885 vart viktig for ein afghansk forfattar i Danmark.

Afghansk-danske Geeti Amiri fekk ei aha-oppleving då ho las Amalie Skrams ekteskapskritiske roman frå 1885.
Afghansk-danske Geeti Amiri fekk ei aha-oppleving då ho las Amalie Skrams ekteskapskritiske roman frå 1885.
Publisert

Over store delar av framsida og fleire sider i den danske avisa Politiken fortalde afghansk-danske Geeti Amiri denne månaden om kor viktig Amalie Skrams roman Constance Ring har vore for henne.

I Danmark har Amiri (30) vorte ein kjend debattant med særleg vekt på den «nydanske» kvinnekampen, det vil seia blant innvandrarane i Danmark. Det er eitt tema ho vonar at «nydanskane» kjem til å debattera, og det er seksualitet.

I 2016 gav ho ut sjølvbiografien Glansbilleder, som fekk ei svært positiv mottaking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement