Diktet
Aktuell med sin første roman
Foto: Julie Pike
Mazdak Shafieian (f. 1980) er denne hausten aktuell med sin første roman, Skinnende døde, som handlar om oppvekst i Iran rett etter den islamske revolusjonen, medan landet var i krig mot Irak. Romanen er skriven i ein vakker, tenkjande prosa som har slektskap både med essayistikken og med poesien til Shafieian, særleg andreboka, Antwerpen, som kom ut i 2011. Vekas dikt er eit utdrag frå denne.
Boka Antwerpen kan lesast som eit langdikt i fleire seksjonar – eit visjonært dikt som tek lesaren med på ei reise gjennom historiske tider og ulike geografiske stader, med «krigaren» som eit gjennomgåande motiv. Eit utdrag vil ikkje yte rettferd til diktet, som bør lesast i sin heilskap, men det utvalde drøymepartiet trefte meg den gongen boka kom ut, og blei verande i meg – det er noko med dei styggvakre plastposane som virvlar i vinden, og den biletskapande evna til poeten. Her får Shafieian plastposane nettopp til å forvandle seg til noko enda vakrare – svevande, frie fuglar – som brått blir til ein marerittaktig, klaustrofobisk motsats: «fugler som flakset i posene».
Dette brå og samstundes umerkelege kastet mellom det vakre og det vonde dukka opp att i lesinga av Skinnende døde. Her er òg ei veksling mellom draum og røyndom, minne og samtid, konkrete og abstrakte bilete.
Mazdak Shafieian voks opp i ein liten by i Iran. Han kom til Noreg saman med foreldra då han var 20 år, studerte litteratur og skrivekunst i Bergen og bur no i Oslo. Han har gitt ut to diktsamlingar, ei essaysamling og no ein roman, i tillegg til at han har vore redaktør for fleire ulike tidsskrift og publikasjonar.
Jeg drømte jeg befant meg i et øde landskap i natt;
hånd i hånd med min mor, barbeint og kald, stille,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.