JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Avspora tanketog

Seljarane på stranda er plagsame, men seljarane på nettet er verre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johann Hari, Stjålet fokus, 2023.

Johann Hari, Stjålet fokus, 2023.

Johann Hari, Stjålet fokus, 2023.

Johann Hari, Stjålet fokus, 2023.

3143
20230106
3143
20230106

Hugskot

havard@dagogtid.no

Eg kjem på etterskot inn i nyåret av di eg på nyårskvelden reiser gjennom seks tidssoner. Under ei mellomlanding med nett les eg om ei bok, men før eg rekk å ta ein skjermdump, poppar det opp meldingar om ny e-post ­– somme av dei rein salsverksemd.

Eg har vore på mi vande vinterøving: nokre veker i varmen, i havkanten, for å tømma hovudet for søl og fylla kroppen med sol.

Tankane fór dit dei ville, og eg fylgde dei heilt heim, til endestasjonen –?kvart resonnement, kvar tankerekkje, train of thought.

Men det var seljarar på stranda. Det var det ikkje sist. Då hadde dei militære styresmaktene halde razziaar og fjerna dei. Men med attopninga etter pandemien hadde seljarane vendt attende. Eg trong dei ikkje. Tvert om. Vatn hadde eg i sekken. Frukost hadde eg ete på hotellet. Men dei kom og spora av tanketoga.

Det einaste eg kjøpte på stranda, var eit reklamefritt musikkstrøymeabonnement, og no mediterte eg over eit vers i ein song av Bob Dylan:

And the silent night will shatter

from the sounds inside my mind

I’m one too many mornings

and a thousand miles behind

Kva vert det på norsk? You want ice cream? Need massage?

Eg fann ei løysing. Etter nokre dagar gjekk seljarane i ein boge kring plassen min.

Øvingane byrja eg seint i tenåra. Eg budde eit halvt år på ei strand. Avbrota var færre i 1970-åra. Ville ein ringja, gjekk ein til postkontoret. På eit halvår ringde eg heim to gonger. Brev tok tre dagar kvar veg mellom Noreg og meg. Nyhende kom forseinka, dei òg, i vekegamle aviser kring ferske egg hjå kjøpmannen. Slik lærte eg at Elvis var død.

Stranda var fri for seljarar. Ei øving var å stogga eit tanketog og setja det i revers. Kor mange stasjonar bakover lét det seg fylgja? Eg fann at ei tankerekkje byrja med eit sanseinntrykk.

Kor finn eg ei strand utan seljarar, tenkte eg under siste mellomlanding, men tanken spora av, for no hadde eg nett att og googla vidare etter boka. Kva var namnet på forfattaren? Noko med Ari? Kari? Mari? Boka handla om tapt merksemd ­–?som eg søkte på, i lag med kulturminister Anette Trettebergstuen. Ho hadde tilrådd boka på nettet. Det var ei av dei på nattbordet ho ikkje hadde fått tid til å lesa i 2022.

Eg kom på etterskot inn i nyåret, men no er eg à jour. Det er seljarane òg. På heimenettet, kafénettet og kontornettet kryr dei verre enn på stranda. Do you want ice cream? Korleis få dei til å gå i ein boge kring det vesle hjørnet mitt i verda?

På den fyrste arbeidsdagen i det nye året fekk eg jaga somme av seljarane: popup-vindauga som syner seg kvar gong ein får e-post.

Dagen etter fekk eg såleis fred til å finna boka, av Johann Hari, synte det seg, Stolen Focus – Why you can’t pay attention. Ho kom i fjor, og ho kjem på norsk i februar: Stjålet fokus –?Hvorfor du ikke klarer å følge med, og hvordan du skal klare å konsentrere deg igjen.

Eg fann ei førebels løysing på verset òg:

Og den stille natta, ho vert knust

av ljodar inni meg

Eg er ei morgonstund for mykje

og milelangt av veg

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis