Minneord
Bjørn Stendahl(1942–2024)
Bjørn Stendahl fekk Ellaprisen, som Oslo Jazzfestival deler ut, i august 2017.
Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons
Bjørn Stendahl, den framståande jazzhistorikaren og miljøskaparen vår, døydde brått og uventa av hjartesvikt laurdag 13. januar, nett fylt 82 år. Han er ein mann som vil bli sakna som ein av dei mest inderlege og kunnskapsrike kjennarane av jazz i riket vårt. Han var sentral i Oslo Jazz Circle, den eldste jazzklubben vår, der han saman med Sverre Lunde nett hadde gjort ferdig ei bok til klubbens 75-årsjubileum, for lansering i februar.
Stendahls hovudverk er dei fem oversiktsbinda Jazz i Norge, gitt ut av Norsk Jazzarkiv, dei tre første i samarbeid med Johs Bergh: Jazz, hot & swing (1987); Sigarett Stomp (1991); Cool, kløver & dixie (1997); Freebag...? (2010); Fusion, funk & gla’jazz (2022). Bøkene tek for seg det vi har hatt av jazz i Noreg i åra 1920–1940, 1940–1950, 1950–1960, 1960–1970 og 1970–1980, dekkjer heile landet frå Kristiania til Hammerfest og er utan make i Skandinavia.
Bjørn Stendahl vart som jazzhistorikar norsk statsstipendiat i 2006. Han kom frå Stokke i Vestfold og var utdanna arkitekt, med eige firma. Bjørn var stolt av at han hadde fått pianisten Bengt Hallberg til å spele i Tønsberg Jazz Society i 1959, for første gong i Noreg. Og Stan Getz med Janne Johansson seinare same året.
Stendahl var redaktør for klubbens tidsskrift, Jazz-Journalen. I Oslo vart Stendahl president i Norsk Jazzforbund i 1964 og redaktør for Jazznytt i åra 1976–1988, med plateomtalar, intervju, nyhende, musikarportrett.
Som skriftleverandør til norsk jazzliv har han dei seinare tiåra vore vår sterkaste bidragsytar. Humor i jazzen finst i boka Jazzå...? Myter og humor i norsk jazz (2016), som han redigerte saman med Gustav Kramer og Petter Pettersson.
Også Stendahls interesse for og kjærleik til Oslo by er i særklasse. Han var redaktør for Kavringen, tidsskriftet til Frogner Historielag, som sidan 1995 har kome fire gonger årleg med lokale bytekstar – Stendahl lanserte i nr. 14 i mai 1999 «En vandring i Bygdø allé – år 1905». (Kavringen er namnet på fyret i Indre Oslofjord.) Det er det faktabaserte som dominerer i Stendahls tekstar, og det gjer han leksikalsk påliteleg som skribent. Ein periode skreiv han fast om jazz i Dag og Tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.