JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokKultur

– Sorg er tungt arbeid

Tapet av dottera leidde forfattar Alf Kjetil Walgermo til å leggje trua si under lupa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
8805
20200103

ALF KJETIL WALGERMO

Fødd 30. desember 1977, oppvaksen på Sjøholt i Møre og Romsdal, bur i Oslo

Forfattar og tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, utdanna i litteraturvitskap og journalistikk

Har skrive bøker for born, ungdom og vaksne, som ungdomsromanen Mitt bankande hjarte (2011) og sakprosaverket Røff guide til Bibelen (2017)

Skreiv den vesle boka «Du som er i himmelen» (2018), eit essay om sorg, tvil og tru, etter å ha mista ei dotter tre dagar før fødselsterminen

eskskje@online.no

Eg hadde tenkt å introdusere forfattar Alf Kjetil Walgermo som ein alvorsmann. Her vi sit på ein Oslo-kafé, ber han på ei framferd som signaliserer ei undrande ro. Han er ein forfattar som har arbeidd med eksistensielle spørsmål i bøkene han har skrive for både born, ungdom og vaksne. Men når eg spør han om kva alvor er, forstår eg at han ikkje ser på karakteristikken «ein alvorsmann» som eit heidersteikn:

– Alvor har eit dårleg rykte: «Han er ein alvorsmann» gjev ikkje positive assosiasjonar. Men vi treng alvor i livet. Ikkje for å vere triste hengehovud, men for å setje pris på det som er viktig. Alvor er det motsette av fjas, overflate og vrøvl. Alvor er ei røynsle av at det finst noko for deg med djup meining.

– Kva skil sorga frå alvoret?

– Sorg er ei kjensle av tap, ei kjensle av at noko ikkje blei slik det skulle ha vore, eller at noko er borte. Sorg er ikkje berre knytt til at nokon døyr frå deg, det kan også vere at nokon har skuffa deg, vener eller familie, eller at du har mista noko som var viktig for deg.

– Sorga kan vere kraftig og farleg. Samstundes er sorga ein del av livet. Korleis balansere dette rett?

– Ein skal tillate seg å kjenne på sorga, men heller ikkje sitje fast i henne. Då vert du bitter og klyngar deg til sorga som livsmeistring. Ei sterk sorg kan vere i livet ditt som ein undertone. Sorga bør berre ikkje definere deg for resten av livet. Det er mogleg å leve eit liv der sorga er ein del av biletet, men der gleda er det dominerande.

– Dotter di, Tomine, døydde rett før fødselen. Korleis arta den sorga seg for deg?

– Fyrst var det eit svart hol som slukte meg: Det nye livet som skulle kome til verda tre dagar seinare, var alt slutt. Det var uforståeleg. Både vi foreldre og storesystera Sunniva hadde gleda oss til å møte Tomine. I staden måtte kona mi, Tone, føde eit dødt barn. Sorg er tungt arbeid, ho tappar deg for krefter. Samtidig var det noko sterkt i å halde på livet, sjølv i dødens stund. Vi inkluderte Sunniva i sorgprosessen. Ho var lita, ja, men ho fekk vere med og stelle Tomine og legge henne i kista. Og to dagar før gravferda feira vi Sunnivas toårsdag med barnebursdagsfest.

Walgermo fortel at dei fyrste vekene i sorg saug alle kreftene ut av han. Så kom eit skifte med gravferda, og etterpå kom resten av livet, som han seier. Han og kona trefte eit par som hadde opplevd det same, og som det var god hjelp i å snakke med. Tone ble ganske raskt gravid att. Gleda var stor, men samstundes kom angsten for om dette kom til å skje på ny.

– At Amund kom til oss, var ein ny merkestein i livet. Vi har no to levande born. Vi kjenner kor sterkt livet faldar seg ut, trass i at vi mista eit barn. Livet trumfar døden, så å seie. Over tid får sorga ein annan valør, sjølv om ho kan slå inn på uventa tidspunkt. Høgtider, mellom anna, eller når vi treffer born som ville ha vore like gamle som Tomine.

– Vi møter heile tida menneske som har lide tap. Kva vil du seie til dei som er usikre på kva dei skal gjere i møte med sørgjande?

– La folk velje sjølv om dei vil prate eller ikkje, ikkje ta det valet for den sørgjande. Vi menneske er redde for å gjere det verre for den som sørgjer. Det er eigentleg fint, for det botnar i omsut: Du er redd for å seie noko gale. Men ikkje ver det. Når eit menneske har lide eit stort tap, skal det godt gjerast å forverre det ved å seie noko gale.

Den kristne trua er ikkje eit vern mot vondskap. Walgermo skreiv om trua si i lys av tapet av Tomine i boka Du som er i himmelen. Der stilte han seg spørsmålet om det var desperat å gripe til ei tru i sorga og saknet.

– Var trua di desperat?

– Vel, eg var desperat i sorga og vart også desperat i trua. Eg kjende eit behov for å gå inn i spørsmålet om trua mi fordi tapet av Tomine utløyste eit spørsmål: Kor er Tomine no? Dette opna vidare for spørsmålet om eg trudde Gud fanst. Eg måtte teste trua mi.

I likskap med ein del andre har Walgermo aldri følt at han har ei klippefast tru. Trua hans har gått i periodar:

– Somme tider har eg tenkt at eg ikkje trur meir, at kristentrua vert for absurd. Men eg merka at vona om at Tomine er hjå Gud, blei ei von som sat i meg, raskt etter ho døydde, særleg i gravferda. Etter ei stund tenkte eg: Kvifor slo det inn hos meg? Var det fordi eg voks opp som ein truande? Eller var det noko eg trong psykisk for å kome meg vidare? Eg ønskte å komme lengst mogleg inn i desse spørsmåla, om kvifor trua brått stod der midt i sorga mi.

Eg kjem på korleis forfattaren C.S. Lewis måtte endre trua si etter at kona døydde, noko han skreiv om i boka En sorg som min. Endra trua til Walgermo seg etter tapet av Tomine?

– På éin måte var trua ein gneiste som låg i meg, som det var litt glød i, men ikkje mykje futt i, og som fekk eit lite pust. Eg merka raskt: Eg trur på dette. Eit nøkkelspørsmål for meg var: Er det mogleg å ha tillit til at Gud er god? Eg landa på trua om at Gud ynskjer oss godt, og at han ikkje sit i himmelen og til kvar tid bestemmer kven som skal få leve og kven som skal døy. Eg trur òg at det kom inn ein trass i trua mi: Dette skal eg tru på, trass i det som skjedde. Eg vel å tenkje at om Gud finst, tek han i mot alle born i himmelen sin.

– Men du seier «vel å tenkje». Er trua eit val for deg?

– Ja. Eg har ikkje opplevd noko konkret gudsbevis eller noko spesielt nærvære av Gud. Eg har ingen prov på at Gud finst. Eg opplever trua mi som eit val, og kanskje også som ei gåve. Men det er eit val. Kanskje er trua mi berre den trassige viljen min? Eg veit jammen ikkje.

– Kva med bøna, der vi ber Gud om tryggleik? Har du røynt Gud der?

– Eg ber til Gud, men ikkje på den måten at eg ber om noko og forventar svar. Derimot kunne vi merke at det var mange som bad for oss i tida etter Tomines død, og det gav ein tryggleik.

Kristendomen kan tilby meining til den som søkjer. Religion fungerer ofte slik på menneska. I kristendomen er døden ikkje det siste, vi skal sjåast att. Men å fylgje eit barn til grava må vere det mest meiningslause eit menneske kan oppleve. Eg undrar om Walgermo opplever at trua hans gjev han meining i livet.

– Ja, men eg vil ikkje hevde at trua er den einaste meininga. Skulle eg då påstå at alle som ikkje trur, manglar meining i livet? Det er ein uhyrleg tanke.

– Men trur du det er lettare for truande å møte meiningsløyse enn dei som ikkje trur?

– Alle menneske skriv seg inn i ei forteljing. Om du kan skrive deg inn i den kristne forteljinga, gjev det meining for den som kan. For meg ligg det ei meining i den kristne vona at dotter mi har det godt ein eller annan plass. Men korleis, og kor? Eg veit ikkje. Eg kviler i vona.

Walgermo har arbeidd med Bibelen i fleire bokprosjekt, mellom anna boka Bibeldikt, der han lèt norske diktarar tolke bibeltekstar, og Røff guide til Bibelen.

– Korleis vil du vurdere avtrykket bibelforteljingane har på den vestlege mentaliteten?

– Dette er dobbelt: Bibelen har sett eit historisk avtrykk i språket vårt, og språk skapar identitet. Eller ta populære namn, lovverk med kristent tankegods, målarkunst og litteratur, film og musikk. Tekstane i Bibelen er slitesterke, dei tek opp allmennmenneskelege røynsler. Og Bibelen gjev oss stadig nye uttrykk i kunst i dag, heilt uavhengig av tru eller ikkje tru. Samstundes set Bibelen mindre avtrykk på livet til den enkelte i dag enn han gjorde for nokre tiår sidan. Ikkje alle kjenner grunnforteljingane i Bibelen, færre går på sundagsskule og Bibelen er langt på veg ute av undervisninga i skulen. Bibelen er ikkje ein autoritet for menneske slik han var tidlegare.

– Korleis er statusen til Bibelen i Noreg i dag?

– Sjølv om eg trur svært mange har ein bibel, er det langt færre som les i han. Bibelen er trass i alt ei stor tekstsamling og ikkje alltid like tilgjengeleg. Det finst i hovudsak to kategoriar av lesande: dei aktivt truande, som får næring til trua si av Bibelen, eller dei som er interesserte i Bibelen som tekst og får næring av tekstane, kunstnarar av ulikt slag. Men eg trur ikkje at Bibelen er inne i ein nedgangsperiode, eller at vi vil sjå ei tid der ingen vil lese i han meir. Bibelen er slitesterkt ideologisk tankegods for dei truande og stor kunst også for dei som ikkje trur. Vi har neppe sett det siste av Bibelen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Konglebitaren – den fargerike vandraren frå nord

Naïd Mubalegh

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»

Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Propaganda på agendaen

Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.

Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.

Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Fredsavtale med biverknader

Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.

I starten av krigen sa Benjamin  Netanyahu at den store skilnaden mellom Israel og fiendelanda til Israel er at Israel verdset og vernar om liv.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ettersøkt, men på offensiven

I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis