Då Hulda Garborg lyfte fram Olav Nygard

Olav Nygard ville ikkje ha lukkast som poet utan Hulda Garborg. Det kjem fram av hittil ukjende kjelder ved Nasjonalbiblioteket. Kjeldene viser òg konfliktar mellom dei – Hulda slakta ei av bøkene hans.

Portrettfoto av Olav Nygard, frå eit av dei siste åra han levde. Dette fotoet har vore ukjent. Det stod på trykk i Den 17de Mai og andre aviser i 1923.

Litteratur

Publisert

Hausten 1922 hadde diktaren Olav Nygard berre halvtanna år att å leva – han døydde av tuberkulose i 1924, for hundre år sidan. Den hausten sende han brev til Hulda Garborg, med ein bunke dikt – det som kom til å bli ei av dei viktigaste diktsamlingane i norsk litteratur: Ved vebande. I eit svarbrev til Nygard (7. september) skriv ho:

Ordi mine betyr ingenting, men naar du tykkjer mun i aa vita mi meining, so kann eg segja, at eg ikkje paa lenge hev lese dikt som hev frygda hjarta mitt so som desse. Mange er perlor, alle gode, ingen banale. Berre maalet og den store rikdom av livande, personlege bilæte maatte glede kvar god nordmann (...)

Det var ingen ukjend mann Hulda Garborg var i kontakt med. I 1909 reiste den unge diktarspira frå Modalen i Nordhordland til familien Garborg i Asker, der han budde i periodar. Hulda og Olav fekk nær kontakt. Men det var ein venskap ikkje utan distanse og vonbrot. Då Olav Nygard gav ut diktsamlinga Kvæde i 1915, leverte Hulda Garborg ein negativ kritikk av Nygard i Den 17de Mai: «Men det er ein faare for ein ung diktar aa vera so stor ein maalmeister». Tankane hans blir «neddøyvde og kjem burt under ordbragdi».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement