Bok
Då Luther sløkte skjærselden
Med reformasjonen følgde ei radikal kulturendring i måten å minnast dei døde på, men dette omfatta berre eliten. «Folk flest» fekk ingen synlege minne etter seg.
På Marktplatz utanfor rådhuset i Wittenberg i Tyskland står denne statuen av Martin Luther.
Hendrik Schmidt
At den tyske teologen Martin Luther (1483–1546) avskaffa den katolske skjærselden, snudde nærast opp ned på liturgien i kyrkja, og endra presterolla sterkt. Og med det også korleis ein mintest dei døde. Eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo har bringa fram mykje nytt stoff frå eit lite utforska felt i norsk kyrkje- og kulturhistorie. Summen av dette blir presentert i artikkelsamlinga Å minnes de døde. Døden og de døde i Norge etter reformasjonen.
Forskarkvartetten Kristin Bliksrud Aavitsland (kunsthistorikar), Arne Bugge Amundsen (kulturhistorikar) og kyrkjehistorikarane Eivor Andersen Oftestad og Tarald Rasmussen stod bak prosjektet, som sistnemnde var leiar for. Han er også redaktør for boka.
I og med reformasjonen blei kyrkja «Kongens religionsvesen». Det innebar at kyrkja som sjølvstendig institusjon blei demontert, og det langt meir radikalt i Danmark enn i andre land, forklarar Tarald Rasmussen.
– I Danmark tok kongen hand om heile kyrkjeinstitusjonen, slik at han utnemnde biskopar, som måtte avleggje eid til han. Og i denne eiden var det viktigare at biskopane, eller superintendentane, som dei blei kalla, var meir lojale og lydige mot kongen enn dei var mot Bibelen og evangeliet. Danmark gjekk særleg langt i å gjere kyrkja til ein del av kongens apparat.
Christian III var sterkt religiøs og ein klar tilhengjar av lutherdommen. Kongen meinte at han stod nær Gud og hadde eit ansvar frå Han til å vere både politisk og religiøs leiar. Det er ein annan situasjon enn før reformasjonen, der kyrkjemakta var langt sterkare og kunne utfordre kongen.
– At Danmark gjekk så radikalt til verks, kan det knytast til Christian IIIs person?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.