JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Då tyske kvinner inntok Island

HVERAGERDI: Saman med over 300 andre tyske kvinner kom Elke til Island i 1949. Dei kom for å arbeida på gard – og finna seg ein islandsk bonde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På sofaen i Elkes stove i Hveragerdi ligg eit trekkspel, og 90-åringen er lett å be. Raskt tryllar ho fram lystige trekkspeltonar.

Foto: Harald Hognerud

8576
20211203
8576
20211203

Innvandring

ottar@dagogtid.no

Det lukkast Elke Ingrid Gunnarsson med. Ho var berre 18 år den gongen, men ville bort frå det krigsherja Tyskland. Saman med mange andre tyske jenter valde ho å ta sjansen på å dra til landet langt mot nord.

Meir enn sytti år etterpå møter me henne i ei lita, triveleg leilegheit i sentrum av Hveragerdi – den store veksthusbygda ein halv times køyretur sørom Reykjavík. Elke var berre åtte år då krigen byrja, og då me møtte ho, hadde ho for lengst feira 90-årsdag.

Det er ikkje mange att av dei tyske jentene som reiste nordover, men små glimt frå historia om dei motige kvinnene dukkar stadig opp i bøker og blad. I 2011 gav den tyske forfattaren Anne Siegel ut boka Frauen, Fische, Fjorde, og der formidlar ho historia til nokre av desse kvinnene. I Tyskland var det mange som var interesserte i lesa historia om den omvende invasjonen, og boka har kome i minst seks opplag.

Mangel på kvinner

Island var ikkje direkte involvert i den andre verdskrigen, men i mai 1940 invaderte engelskmennene landet, og året etter tok amerikanarane over. Det kom tusenvis av utanlandske soldatar til landet, og bygging av flyplassar og mange andre store prosjekt vart sett i gang. I mange land kringom i verda var dei fem krigsåra ein katastrofe, men i eit av dei fattigaste landa i Europa førte krigen til framgang og velstand.

Aktiviteten i Reykjavík var stor, og det var mangel på arbeidskraft. Frå utkantbygdene flytta kvinner og menn til hovudstaden for å få arbeid og ta del i den aukande velstanden. Særleg mange kvinner sa takk og farvel til bygdene, og over 300 gifta seg med engelske eller amerikanske soldatar. Det førte til at mange unge, einslege bønder ikkje fann seg kone. Det var rett og slett akutt kvinnemangel på den islandske landsbygda.

I Tyskland var det annleis. Svært mange tyske soldatar mista livet under krigen, og då krigen tok slutt, var det fem tyske kvinner per mann. Delar av landet var ein einaste ruin, og det var mangel både på arbeid og på mat. Framtidsutsiktene var dårlege. Lübeck hadde til dømes 250.000 innbyggjarar, og halvparten var flyktningar som hadde kome dit under krigen.

Den gongen hadde Island berre 140.000 innbyggjarar, men då var det at leiaren i Bondepartiet, Jón Helgason, fekk ein idé: Kvifor ikkje kopla dei tyske kvinnene med dei einsame bøndene ute på den islandske landsbygda?

Og då dei tyske kvinnene fekk høyra at det var både menn og arbeid å få på Island, valde mange å reisa nordover. Men dei islandske styresmaktene kom med fleire krav til kvinnene. Dei måtte vera mellom 20 og 30 år, ha røynsle frå gardsarbeid, dei måtte arbeida på ein islandsk gard i eitt år, og dei måtte ikkje ha vore med i ein nazistisk organisasjon.

Eit skip med kvinner

Den 9. juni i 1949 gjekk det første passasjerskipet frå Tyskland til Island, og om bord på «Esja» var det 281 motige kvinner og 79 menn. Men dette var ikkje alt. Fleire islandske trålarar som frakta fisk til Tyskland og salt til Island, kom heim att med ei dyrebar last. Om bord på ein av desse trålarane var unge Elke. Ho er ikkje blant dei seks tyske kvinnene som vert presenterte i boka Frauen, Fische, Fjorde. Det takka ho nei til, men no opnar ho dørene.

Og det er takk vera den norsk-islandske fotografen Mats Wibe Lund, som har budd på Island i meir enn femti år. Med kjentfolk over heile landet greier han å finna fram til Elke, og han losar oss fram til leilegheita hennar i Hveragerdi i slutten av september.

Det er ein av desse minneverdige haustdagane på Island. Solskinet fløymer over både hav og land, og når me køyer over heia, kan me langt ute i vest sjå Vestmannaeyjar.

Det er ein blid 90-åring som tek imot. Ho har kort, grått hår og brukar rullator når ho opnar døra i den nye kvite lågblokka i sentrum av tettstaden.

På rullatoren ligg det ei raud innbunden bok. Det er ei samling av gamle, leseverdige artiklar frå det ein gong så populære bladet Reager’s Digest – eller Det Beste. Etter meir enn sytti år på Island snakkar Elke naturlegvis både tysk og islandsk flytande.

– Det islandske språket gjer det enklare å forstå skandinavisk, seier ho.

Elke har lese På gjengrodde stier og set stor pris på Knut Hamsun. Han fekk dårleg behandling i Noreg etter krigen, meiner ho, og er både irritert og indignert på Hamsuns vegner.

Kjøkkenbordet er dekt med tørrfisk, kjeks, flatbrød og ostechips, og oppå smøret ligg det ein ostehøvel. Han skal brukast på smøret når det skal leggjast oppå tørrfisken mellom flatbrøda.

Budde på barneheim

Elke kjem frå Neustadt i nærleiken av Lübeck, men ho voks ikkje opp på gard. Då ho var fem år, døydde mora, og frå Elke var fem til ho var ni år, budde ho på barneheim. Faren var kroat, og han hadde det vanskeleg i Nazi-Tyskland. For å verna om borna og seg sjølv måtte han tilpassa seg regimet. Under krigen vart barneheimen gjord om til sjukehus for krigsskadde, og faren fungerte blant anna som omsetjar for jugoslaviske fangar.

Frå 1945 til 1949 arbeidde Elke på ein gard, men også på hotell og barneheim. Sjølv om det var kyr på garden, fekk ho aldri mjølk. Arbeidsdagen byrja i sekstida om morgonen og varte til klokka åtte–ni om kvelden, og ho var glad for at ho fekk noko å eta.

Krigens brutalitet fekk ho ikkje merka direkte på kroppen, men ho fortel om broren til ei venninne. Han skulle i militæret, men gøymde seg på loftet, og dei sende mat opp til han ein gong om dagen. På garden hadde dei heimeundervisning, og der lærte Elke å lesa, skriva og rekna.

Kom med trålar

Til Island kom ho med den islandske trålaren «Karlsefni» saman med seks andre tyske jenter. Vêret på turen var dårleg, og som så mange av dei andre tyske jentene, vart ho svært sjøsjuk. Elke var førebudd på gardsarbeid, og ho gledde seg til det. Raskt fekk ho tak i ei tysk-islandsk ordbok, og det var ikkje vanskeleg å læra seg islandsk. I ei lita bok noterte ho islandske ord, uttrykk og uttale, og etter fem månader meistra ho språket godt.

Elke var heldig og kom til garden Marteinstunga eit par mil frå Hveragerdi. På veggen i stova har ho bilete av kvite gardshus med raudt tak på ein prektig gard, og ho fortel at dei hadde 250 sauer på vinterbeite og 24 kyr – pluss storfe. Den tyske ungjenta sette pris på fjøsstellet og mjølkinga. Det enda med ekteskap mellom Elke og Guttorm, guten på garden. På stoveveggen heng eit bilete av eit vakkert par. Dei fekk fem born som har teke sjukepleiar- og lærarutdanning.

I 2011 døydde Guttorm, og dei siste åtte åra har Elke budd i den trivelege leilegheita.

Berre to gonger har Elke besøkt Tyskland etter krigen. Ho føretrekkjer å vitja slektningar i Nederland. På spørsmål om ho har ønskt å flytta tilbake til Tyskland, er svaret klart og kontant:

– Aldri! Det er det siste landet eg ville flytta til. Eg vil ikkje verta gravlagd der!

– Har du hatt eit godt liv her på Island?

– Å, ja!

Elke har ikkje hadde hatt mykje kontakt med dei andre tyske kvinnene som kom til Island i 1949, men til Mats fortel ho ei lang historie på tysk – om ei anna kvinne som ikkje fekk det så godt på den islandske garden ho kom til, og det er naturleg nok fleire slike historier. Men i boka om dei tyske kvinnene hevdar Siegel at svært få valde å reisa tilbake til Tyskland.

Kom til nordspissen

Det er fleire historier om motige kvinner i Anne Siegels bok, og dei vitnar om stoda både i Tyskland og på Island etter krigen. Blant anna fortel ho om Hilde – eller Hildur – som var blant dei 278 kvinnene som kom til Island med passasjerskipet «Esja» i 1949. Frå Reykjavík reiste førti av dei lenger nordover – heilt til Akureyri. Men Hilde skulle endå lenger nordover – heilt til spissen på det nordaustlege Island.

Tre tyske jenter vart frakta dit i båt og sette i land i den eine vesle grenda etter den andre. Hilde var den siste av dei tre jentene om bord i båten, og ho kom heilt til garden Grjótnes på nordspissen. Der kom ein kar vassande ut til båten. Han bar henne i land, inn i stova og sette henne på ein stol, medan dei fastbuande møtte opp for å studera den nye dama.

Mannen som bar henne i land, skulle seinare verta ektemannen hennar. Her skulle ho bu, og her skulle ho trivast. Ikkje eit einaste sekund lengta ho heim det første året. Det høyrer med til historia at broren til Hildes ektemann også fann seg ei tysk kvinne, som også sette stor pris på livet ute på den aude, islandske landsbygda.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det islandske språket gjer det enklare å forstå skandinavisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis