JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Dag og Tid får bridgespalte

Erlend Skjetne skal skriva om bridge i turnus med sjakkmannen Atle Grønn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erlend Skjetne skal skrive om bridge i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

3018
20240105
3018
20240105

Bridge

svein@dagogtid.no

«Sjakkspelarar er generelt ikkje kule.» Sitatet er ditt, Erlend Skjetne, frå bladet Bridge i Norge i 2021. No skal du skriva om bridge i turnus med sjakkspalta til Atle Grønn. Du er modig.

– Eg hadde ikkje trudd at nokon utanfor bridgekrinsar skulle lesa desse orda. Fråsegna var eit uttrykk for frustrasjon over at sjakken har opplevd ein enorm vekst som ikkje har vorte bridgen til del. Men bridge er minst like interessant. Det er ikkje vanskeleg å læra, det er sosialt og morosamt, og kan nok, for mange lettliva sjeler som meg sjølv, passa betre som hobby enn den tunge og alvorlege sjakken.

– Kva har bridgemiljøet å tilby som ikkje sjakken har?

– Bridge er eit parspel som tvingar fram sosiale sider jamvel ved spelarar som eigenleg er anti­sosiale. Bridgen er klasselaus – eg hugsar ei historie om ein bankdirektør som spela i makkerskap med ein sjuskete type, nærast ein uteliggjar, og det var denne mannen som kjefta på bankdirektøren for elendig spel, ikkje omvendt. Kort sagt trur eg at det er fleire festlege karakterar i bridgen enn i sjakken, utan at eg har noko som liknar på faktagrunnlag for denne påstanden.

– Atle Grønn er positiv til å veksla med deg annakvar veke. Faktisk er det han som har føreslått deg. Han har lese romanen din, Kleda er gjennomvåte, og meiner du skriv godt.

– Det er berre å takka og bukka. Atle Grønn ein framifrå formidlar som på mirakuløst vis greier å gjera ei sjakkspalte så god at sjølv eg les ho. Det er med ærefrykt eg går inn i turnus med han. Om litt fleire sjakkspelarar hadde verka helvta så interessante som Grønn, ville eg ha vurdert å byrja med sjakk.

– Du har nettopp hatt ein sterk og særs god serie her i avisa om korleis det er å ha eit barn med ei alvorleg psykisk utviklingshemming. No skal du skriva om bridge. Kva er det med sjølve spelet i bridgen som fascinerer deg?

– Ein runde bridge varar berre i rundt ti minutt, men i laupet av desse minutta kan mykje skje. Bridgen er variert og utfordrar den logiske tenkinga på intrikat vis. Men så er det ikkje «rein» logikk heller, det handlar om å skjøna korleis andre menneske tenkjer. Ingen forventar at ein skal sitja og vera musestill ved bridgebordet, litt temperament og nokre småfrekke kommentarar er berre av det gode, og kanskje nettopp difor er det eit spel omgjeve av frodig humor og tallause gode historier.

– Grønn er internasjonal meister. Kva har du å visa til?

– Ikkje stort. Eg har tittelen stormeister, men rankingsystemet i bridgen er nokså utvatna, så det er ikkje noko å leggja vekt på. Eg var på Noregs juniorlandslag og har teke nokre medaljar i internasjonale ungdomsmeisterskapar. No har eg ikkje lenger vinnarviljen og den skjerpa hjernen ein treng for å prestera på høgt nivå. Så då passar det fint å heller skriva om bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Bridge er eit parspel som tvingar fram sosiale sider jamvel ved spelarar som eigenleg er antisosiale.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis