Dei gløymde kvinnene
– Eg ønskte å skrive ei formidlingsbok som ikkje berre kunne vere til nytte for studentar og universitetstilsette, men også for andre med interesse for filosofi.
Kristin Gjesdal er professor i filosofi.
Foto: Lina Hindrum
Kristin Gjesdal er aktuell med boka Opprørerne. Kvinner som endret filosofien (Cappelen Damm, 2024). I boka skriv Gjesdal om elleve kvinnelege filosofar som vart utelatne då den moderne filosofihistoria vart skriven – frå om lag den franske revolusjonen i 1789 og fram til borgarrettskampen i USA i 1970-åra. I boka trekkjer ho fram både kjende og mindre kjende kvinner som med tankane sine sette sitt preg på tida dei levde og verka i, og som inspirerer og engasjerer den dag i dag.
Gjesdal er professor i filosofi ved Temple University i Philadelphia. Ho har vore oppteken av kvinner i filosofien sidan ho tidleg i studietida vart frårådd å skrive om Hannah Arendt og forståinga hennar av den romantiske filosofien. Interessa har berre vorte sterkare dei siste åra, seier ho.
– Kva slags bok er dette?
– Det er ei bok om ei handfull kvinner som nytta filosofien på ein samfunnskritisk måte, til å tenkje igjennom vilkåra for den kulturen dei sjølve var ein del av – ikkje minst den kulturen som ekskluderte dei frå filosofien som akademisk disiplin.
Heldigvis for oss, seier ho, er filosofien meir enn det. Ho peiker på at fleire av dei kvinnelege filosofane ikkje var akademikarar – slik som heller ikkje Arthur Schopenhauer, Søren Kierkegaard eller Friedrich Nietzsche var det.
– Kvifor har ikkje desse filosofane fått nok merksemd, meiner du?
– Det er faktisk overraskande seint, historisk sett, at desse kvinnene er skrivne ut av filosofihistoria. Det skjedde omtrent på same tid som kvinner kunne ta doktorgrad og få innpass i akademia. At kvinnene i filosofien vart «gløymde» på denne tida, kom nok på grunn av eit heller reaksjonært standpunkt – eit standpunkt som framleis finst – nemleg at verkeleg store tankar er reserverte for menn.
Blant kvinnene Gjesdal har teke for seg i boka, er det fleire som selde godt med bøker og vart mykje diskuterte i samtida, fortel ho, og trekkjer fram nokre døme:
– Bettina Brentano von Arnim var ein innflytelsesrik sosialfilosof, og tankane hennar fekk ei nøkkelrolle i overgangen mellom romantikken og sosialismen. Vi veit at Karl Marx sette av tid til å samtale med ho, og at Friedrich Engels melde bøkene hennar.
Ein annan filosof var Germaine de Stäel, ein sveitsisk-fransk filosof som skreiv filosofi frå ho var 22 år gamal, og så lenge ho levde.
Gjesdal fortel at boka byggjer på ei førelesningsrekkje ho har hatt med studentane sine ved Temple-universitetet, noko som er spegla i at boka er skriven som ein samtale med studentane.
– Kvifor ville du skrive denne boka?
– Eg ønskte å skrive ei formidlingsbok som ikkje berre kunne vere til nytte for studentar og universitetstilsette, men også for andre med interesse for filosofi.
Gjesdal fortel at ho først vurderte å skrive boka ved å ta utgangspunkt i ei rekkje forskingsartiklar ho hadde skrive oppigjennom, og omsetje dei til kvardagsspråk. Så innsåg ho at ho var meir interessert i korleis desse sterke filosofane talte direkte til ei gruppe unge studentar. Studentane reagerte med å verte oppglødde og irriterte, og med å stille litt naive, men likevel tankevekkjande spørsmål – spørsmål som ikkje var på hennar horisont.
– Nokre studentar spurde meg til dømes om Nietzsche var den opphavlege incel-en, smiler ho.
pernille@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal