Den bortkomne Aasen-visa
Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.
SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.
Foto: Nasjonalbiblioteket
Bak ein glasvegg i Nasjonalbiblioteket høyrer eg songen som var komen bort. Det var 180 år sidan Ivar Aasen hadde dikta «Vise om Giftermaal». For han som song, var dette berre ei av mange namnlause skillingsviser som han hadde lært av far og bestefar.
Den 26 år gamle tradisjonssamlaren Odd Stensrud kom på besøk til Oliver og Anna Graff i Skogbygda i Løten i 1968. Graff hadde sunge viser i tiår på tiår, men no var han blitt 76, og med mikrofon og bandopptakar på bordet var det som om alt var gløymt.
Nei, syngje ville han helst ikkje, nei, kunne ikkje noko no, det var så lenge sidan, hugsa dei ikkje, mange av dei han kunne, var det få andre som kunne, sa han, kanskje ville han ikkje miste dei til andre ved å gi dei til Stensrud, kva veit eg.
Vel var Stensrud ung, men han visste korleis han måtte snirkle Graff rundt grauten og nærme seg smørauget umerkande. Litt etter litt kom dei, først ei strofe, så ei vise, så mange viser. «Je var itte vond å be om å synge før, vett du», vedgjekk Graff i opptaket med Stensrud, der er fleire hundre viser i hovudet mitt. «Kan du slike grøvre viser», spurde Stensrud. Ja, sa Graff, men det er så lenge sidan eg har sunge dei, minst 30 år. Vi tok til oss ein liten gut, og då ville eg ikkje syngje slike viser lenger.
Då Graff hadde sunge ei gamal dansk vise om «Den onde Birte», sa han at jo, der var no ei anna vise på nesten same tonen. «Det er om en… ‘Vel den som ikke gifter seg/ og ei har lyst til make’. Den begynner slik, den da», sa Graff og song fire strofer utan avbrot. Er det noko meir på den, spurde Odd Stensrud. «Nei, det er det itte», svara Oliver Graff.
Vise på vandring
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.