Kunst

Den privilegerte turisten

Rune Eraker har følgt turismen i 16 land.

Publisert

Torsdag 24. august opnar foto­utstillinga Under en svart himmel. De privilegertes reise med ein samtale mellom fotograf Rune Eraker og sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen på Gamle Munch i Oslo.

Utstillinga skildrar internasjonal turisme i møte med kulturar, lokalmiljø og klima gjennom analoge svartkvitt-fotografi i storformat frå 16 land.

Eraker nærmar seg turismen på ulike vis og ønskjer å gjere publikum medvitne om den ekstreme veksten innan turisme dei siste tiåra, kven som er inkludert, og kven som tilhøyrer dei tre firedelane av folket i verda som aldri har reist over landegrensene som turist, fortel presseskrivet.

Samtidig har utstillinga eit blikk på korleis pandemien synleggjorde kor avhengige mange stader har blitt av turistar: Éin av elleve arbeidsplassar i verda i dag kan koplast til turismen.

Utstillinga tek for seg «all inclusive» og strandliv på Mallorca og Kanariøyane, cruiseturisme i Noreg, fotballturistar under VM i Qatar og religiøs turisme i India. Prosjektet tok til i 2019. Tekstane som følgjer fotografia, er skrivne av Linda Hove Strand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement