Det blinkar i lysa

Publisert

Utanom oss er det berre to andre karar i baren. Dei sit ved kvart sitt bord, seier ingenting, stirer berre tomt framfor seg. Me er samla rundt eit litt større bord og lurer på kor tida har blitt av. Det blinkar i lysa, snart er det for seint å komme med det ein har på hjartet, men om me skundar oss, er det fullt mogleg å rekke ein runde til.

Eg lèt meg imponere av korleis nokon heller innpå med øl, glas etter glas som om det ikkje finst botn, det renn ned som i eit sluk. Slik er det ikkje for meg, og eg blir ikkje nødvendigvis meir tyrst om kvelden enn om dagen, enkelte gonger synest eg til og med det smakar vondt, og må tvinge det i meg.

Bartenderen har ikkje gjort mykje ut av seg denne kvelden, men no ber han oss byrje å tenkje på å trekkje ut av lokalet. Me lover å gjere som han seier, men blir berre sitjande. Det er ingenting anna som hender i kveld, og me kunne tenkt oss å sitje her i mange timar til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement