Litteratur
«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»
Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.
Foto: Yonhap News Agency / NTB
I førre veke vart det kjent at Han Kang får Nobelprisen i litteratur i 2024 «for den intensive poetiske prosaen hennar, som konfronterer traume i historia og viser det sårbare i mennesket». Slik lyder ei av grunngjevingane som fylgde med prisen. Ho er den fyrste sørkoreanaren og faktisk den fyrste kvinnelege forfattaren frå Asia som vinn Nobelprisen i litteratur.
Blikket for det sårbare hjå menneska gjennomsyrer forfattarskapen hennar. Han Kang fekk eit gjennombrot med Vegetarianeren frå 2007, som kom på norsk i 2019, omsett av Vivian Evelina Øverås. Boka handlar om Yeong-Hye, ei ung kvinne som vel å bli vegetarianar etter ein vond draum. Familien set seg imot dette livsvalet, og far hennar prøver endåtil å tvangsfôre henne.
Han Kang eksperimenterer med synsvinkelen i denne boka: Forteljinga blir fyrst fortald gjennom perspektivet til mannen til Yeong-Hye, deretter gjennom blikket til svogeren og til slutt gjennom synsvinkelen til syster hennar.
Han Kang fekk den internasjonale Man Booker-prisen for romanen i 2016. Det var fyrste gong ein koreansk forfattar vann denne prestisjetunge prisen.
Ei anna bok av forfattaren, Hvit frå 2016, vart også nominert til same prisen i 2018 – denne boka er òg omsett til norsk, i 2019 av Jarne Byhre. Romanen krinsar om kvite gjenstandar og handlar om ein forfattar som blir overvelda av bilete av syster si som døydde ung i Warszawa. Handlinga viser seg å vera innvoven i soga til den polske hovudstaden. Warszawa vart som kjent atterreist etter den nazistiske okkupasjon, men forfattaren kjenner at dei utviste sjelene til dei myrda heimsøkjer henne.
Slik ser vi korleis «traume i historia og viser det sårbare i mennesket». Det gjeld ikkje berre dei nemnde romanane, men òg novellene hennar. Når løyndomane kjem fram, fører det med seg ein smertefull prosess, med uhyggjelege, framandgjerande konsekvensar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.