Diktet
Diktet: Aasne Linnestå
Foto: Berit Roald / NTB
I jula freistar vi å vekke slumrande englar gjennom å synge om dei, gjere ord og rim om til små mirakel. Midt i alle vakre og velmeinte julesvisker kom eg i tankar om dette diktet av poet og romanforfattar Aasne Linnestå (f. 1963), som er å finne midt inne i boka Morsmål (2012), ei samling poetiske tekstar bundne saman av ein tjukk raud tråd, som eg snart skal nøste i.
Men først: Eg trur ikkje dette diktet var tenkt som eit juledikt. Eg meiner likevel at det kan få plass mellom salmane og songane, som eit omvendt evangelium, ei påminning om å gjere porten vid og terskelen lågare for alle som er på utsida av det store vanlege vi, og som slit med at «verden rakner i hodene».
Den raude tråden i boka er eit møte mellom to kvinner, diktar-eget og ei som har komme til Noreg som flyktning og fått opphaldsløyve her. Ho snakkar først ikkje norsk, men gradvis opnar dei seg for kvarandre og det kjem fram at ho ber på gruvsame røynsler.
Diktaren har tilgang til språket og kjenner ansvar for å sjå den andre, vitne. Korleis fortelje historia hennar utan å gjere henne til offer eller overdøyve henne, utan å legge «ordene mine i munnen din», som ho skriv ein plass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.