Diktet

Diktet: Arne Garborg

Publisert

Då tidsskriftet Lyrikkvennen 2/1990 spurde norske poetar om kven som hadde skrive den diktsamlinga dei sette høgst, delte to bøker førsteplassen: Arne Garborgs Haugtussa (1895) og Georg Johannesens Ars moriendi (1965). Vi veit at diktaren Garborg frå Jæren (1851–1924) skreiv i mange sjangrar: romanar, essay, journalistikk, drama, omsetjingar, dagbokprosa – og altså to bind poesi.

Haugtussa (1895) og framhaldet I Helheim (1901) handlar om ungjenta kalla Veslemøy frå fattige kår: «Ho er mager og mørk og mjå/ med brune og reine drag/ og augo djupe og grå’/ og stillsleg, drøymande lag.» Ho lever seg inn i det jærske landskapet, ho ser inn i menneska – og når ho treffer gjetarguten Jon, vert ho hovudstups forelska.

Den avgjerande livserfaringa hennar er at Jon vel ei anna, rikmannsdottera «megga frå Ås». Veslemøy kjempar mot undergangs­tankar, ukristelege førestillingar, hemnlyst. Men overvinn desse. I Helheim er Veslemøys søster den naudsynte hjelparen.

Diktet «Elsk» hugsar eg frå gymnas­dagane. Men i leseboka Vår diktning (red. G. Coward og B. Brinck-Lund, 1953) hadde dei ukommentert sløyfa del 2 av «Elsk». Diktet handlar om forelsking. Men det er ikkje det same som kjærleik. Som livet, i det lange løp, lærer oss.

Edvard Grieg sette melodi til mange av dikta, også «Elsk». Somme av oss hugsar «Småsporven gjeng i tunet» med Deep River Boys i 1956, med Erling Andersen på tenorsaksofon. Tuva Syvertsen gjorde eit eige spor av «Å gjev du batt meg» på debutplata til Valkyrien Allstars frå 2007. Haugtussa som bok kom i femtande opplag i 1952.

Den galne Guten min Hug hev daara,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement