Diktet
Diktet: Arvid Torgeir Lie
Foto: Gyldendal
Vi skal ikkje gløyma Arvid Torgeir Lie (1938–2020), telemarksdiktaren som kom frå Skafså, der far hans var gruvearbeidar.
Han tok artium på Rjukan, var anleggsarbeidar og tømmerhoggar, hadde trekkspel, studerte eit par år på Blindern, før han vart poet på heiltid: tolv diktsamlingar 1967–2011, éi novellesamling Den nye maskina (1986), gjendikting av tsjekkaren Miroslav Holub (1994) og av franskmannen Eugène Guillevic (1997).
Den folkelege kristendomen var levande i oppveksten hans – «Jesus øvst i liene./ Blå Jesus./ Vide Herre./ Kjærleghet i kjole./
Tankejesus./ Bønnejesus.»
I eit intervju sa Arvid Torgeir Lie: «Dei større bøndane og andre som stod litegrann høgare i samfunnet søkte sjeldan til pinsevennbevegelsen… Å gå rundt og bekjempe religiøse tankar i eit samfunn, marxismen-leninismen ser på det som ei viktig oppgave, eg trur det er ufornuftig.»
Poeten søkte seg vekk frå Telemark, slo seg ned i Spydeberg i Østfold, der kona hans kom frå. «Pinsevennene sat i enklare hus, i tømmerhytter og sånt og hadde ei uformell og fri form for gudsteneste.» I motsetnad til det fine folket (Richard Nixon, Billy Graham etc.), som har delt Kristus mellom seg.
Diktet er frå Skrive og tenke (1971), poetens viktigaste samling. Opninga er gåtefull: «Dei har spart Kristus.» Kven dei? Korleis spart? «…han som var julas løve og tiger». Vakre vokalar i eit heidensk uttrykk – vi er i Asia, tigrar finst ikkje i Afrika. Og Kristus er ikkje eit presens. Trass i at vatn dryp over andletet hans. Han seier ikkje eitt ord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.