Diktet

Diktet: Astrid Tollefsen

Publisert Sist oppdatert

Sist veke var eg på «Klubb poesi» under Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, ein dagleg programpost med opplesingar leia av poeten Fredrik Hagen. Kvar dag opna han med å løfta fram eit dikt av ein «gløymd» norsk poet. Han las diktet i eiga engelsk omsetting slik at dei internasjonale gjestane òg kunne forstå. Det var eit særs godt grep å føre fortidas stemmer saman med samtidig poesi.

Ein av poetane han trekte fram, var Astrid Tollefsen (1897–1973), som i dag mest er kjend for å ha hatt eit turbulent forhold til Gunvor Hofmo. Store norske leksikon har ein nokså nedvurderande omtale av forfattarskapen, signert Øystein Rottem, og dette synet er framleis rådande. Hofmo sjølv, som meinte Tollefsen var noko usjølvstendig, la i eit brev til redaktør Sigmund Moren til: «Men hun har jo sitt område hvor hun ikke tar fra meg, og det er gatelyrikken. Der er hun god.»

Eg veit ikkje om diktet «Juniregn i Ålborg» frå den tredje diktsamlinga hennar Før brevet lukkes (1949) kan reknast til gatelyrikken, men her er i alle høve portrom, mur og steinheller. Kan hende er det Aalborg kloster som får henne til å reflektere over tida og menneska som har vandra over dei same hellene. Klosteret vart bygd i 1431 av Heilagandeordenen for å ta vare på sjuke og svake og er ein av dei eldste og best bevarte bygningane frå mellomalderen på Jylland. Under andre verdskrigen, berre få år før Tollefsen vitja klosteret, var det årestad for den danske motstandsrørsla mot naziokkupasjonen.

No renn juniregnet over murane, og rust og grønske gjer spor av fortida mindre synlege. Men så kjem diktaren med sitt no og får den flyktige sommarnatta til å famne litt meir og lodde litt djupare i tidas fylde.

Juniregn i Ålborg

Stenheller mørke av regn,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement