Diktet
Diktet: Camilla Groth
Foto: Heidi Furre / Cappelen Damm
Om det å turnere den krevjande sonettforma er eit sveinestykke i poesien, er sonettkransen sjølve meisterstykket. Eit døme er Sommerfugledalen (1991) av Inger Christensen (1935–2009), eit av verdas vakraste diktverk. Her går den strenge forma, motiva og tematikken opp i ei på same tid suveren og efemerisk eining.
Camilla Groth (f. 1972) har tidlegare omsett Christensens essaysamling Hemmelighetstilstanden (2000, på norsk i 2017), og i boka Rundt jorda (2020) er Groth tydeleg og ope inspirert. Rett nok er det fleire fluger enn sommarfuglar her, men det er vel så mykje ei helsing til eige verk, då ho har skrive om flugesurr tidlegare, mellom anna i diktsamlinga Hysj frå (2013). Sjølv om fluga kan hende er eit litt meir prosaisk vesen, viser Groth at ho eignar seg særs godt som poetisk grunnmateriale, om enn med eit visst komisk potensial. Groth viser òg at ho har godt grep om det poetiske handverket.
Sonetten finst i mange variantar, men dei to hovudformene blei skapte av Petrarca på 1300-talet og av Shakespeare rundt to hundre år seinare. Groth skriv tettare på tradisjonen etter Petrarca, der dei 14 verselinjene er delte inn i to kvartettar (strofer med fire linjer) og to tersettar, og der oktaven (dei åtte første) legg fram eit problem (demonstrasjon), medan sekstetten freistar å løyse det (konklusjon). Mellom dei to er det ei vending, som Groth gir eit frampeik på i starten av diktet: Her kjem eit aldri så lite verdsomveltande perspektivskifte.
Frå ein menneskeleg maktdemonstrasjon av eit klask går fluga frå å vere noko ein vil ha vekk, til noko som har eit liv, og som – og her kjem vendinga – attpåtil er laga av same stoff som mennesket. Denne ufatteleg nære koplinga mellom alle levande vesen – jorda rundt – er eit av grunntemaa i boka.
Groth har eit godt blikk for dei minste ting og vesen, og ein språkleg idérikdom som får fram deira særeigne eigenskapar eller den absurde «beinville» og svimlande situasjonen dei – og vi alle – eksisterer i.
Jeg velter verden over i et slag
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.