Diktet

Diktet: Erik Fosse

Publisert Sist oppdatert

Erik Fosse (fødd 1950) er kjend som ein av dei to norske kirurgane som kjempa for palestinarane i Gaza i 2009, saman med Mats Gilbert. Han er medisinprofessor, forskar og musikar, og han har leidd bandet Sagene Ring sidan 1998, med fire CD-utgjevingar. Fosse står for tekstar og melodi, syng og spelar gitar, Petter Udland Johansen spelar fele og mandolin, Per David Martinsen er med på kontrabass. I 2021 kom albumet Flukt, på plateselskapet Heilo, med utgangspunkt i eit norsk TV-program frå 2017.

Fosses songar baserer seg på erfaringane hans som lækjar for flyktningar. Han skriv i CD-heftet: «Fra 2015 til 2020 druknet mer enn 14.000 mennesker i Middelhavet da de forsøkte å ta seg til Europa. Mer enn 700 av de som døde på havet var barn.»

«Alle de flotte menneskene på flukt jeg har møtt i Libanon, Palestina, Syria, Afghanistan, Iran, Pakistan, Sri Lanka, Kosovo, Albania og Bosnia har inspirert meg til dette albumet. Det har også reisende fra alle kontinenter; muslimer, jøder, kristne, hinduer og andre som valgte å komme hit og gjøre Norge til et rikere samfunn.»

I avsluttingslåten «Jul på Sagene» går refrenget: «Det er jul det er jul/ Lukk skapdøra opp/ Dekk bordene til/ Slå et høl, slå et høl/ Slå et høl i din mur/ og slipp hver reisende inn».

Erik Fosse og Mats Gilbert har saman gjeve ut boka Øyne i Gaza, som er omsett til mange språk. War Surgery er ei handbok i krigskirurgi, med Fosse som ein av forfattarane.

Kostas Pinteris

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement