Diktet

Diktet: Gro Dahle

Publisert Sist oppdatert

I dikta til Gro Dahle (f. 1962) er det godt å vere. Dei er opne, rause og gir rom for tankar, både eigne og andre sine. Dette diktet kjenner eg meg heime i, mellom anna fordi det vitjar ein diktar eg set høgt, Tone Hødnebø, og eitt av dikta frå samlinga hennar, Mørkt kvadrat frå 1994.

Setninga «hjem er et sted i et lite sovjet» er slåanwde og gåtefull på same tid. Ordet sovjet er brukt på uvanleg vis, her i grunntydinga «arbeidarråd», ei forsamling. Dette at heim finst i ei lita samling av folk, som noko ein heile tida må skape saman, gjer heim kan hende til ein utopi.

Det utopiske har enno ikkje funne stad, men dette diktet er i ferd med å samle ein gjeng rundt bordet hjå Hødnebø, no som også lesaren får vere med.

Gro Dahle fylte nett 60 år, og dette diktet er henta frå boka Hjem, sier hunden frå 2019, den niande diktsamlinga etter debuten i 1987. Eg likar diktet fordi det er konkret og nært, samstundes som det sender lesaren av garde til andre dikt. Det er ei samtale, ei opning og ei undring: Kva er ein heim?

Diktet har god plass til motsetnadene. Det høver difor godt å la Gunnar Ekelöf få opne diktet, ein poet som vel nærmast hadde paradokset som poetisk metode.

Diktet får meg til å hente fram Samlade dikter av Ekelöf frå bokhylla, og plutseleg har eg fortapt meg i hans underbara og underlege diktarverd. Men så hugsar eg kor eg var, eg finn attende til Dahle og opninga av siste dikt i Hjem, sier hunden: «Hjem til jorden,/ til denne kloden,/ til denne kroppen, dette hjertet/ som venter på meg/ hver morgen/ på avtalt sted.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement