Diktet

Diktet: Gunnar Berge

Publisert

Gunnar Berge (f. 1965) er filosof, omsettar og poet og kan hende ein av dei best bevarte løyndomane i norsk poesi. Han debuterte som poet i 2011 og gav same år ut eit teoretisk verk om collage, funnen poesi og andre «post-poetiske» praksisar: Klippe lime kopiere. Bøkene hans blir gjerne sette i dikthylla på biblioteket, men kunne like gjerne ha vore plasserte saman med bøker om filosofi, kunst eller språkvitskap.

Berge er oppteken av å bryte ned skiljelinene mellom desse kategoriane og bruker poesiens frie og opne form til å drive aktiv utforsking av språket og korleis vi nyttar det i ulike medium og samanhengar.

Korleis les du diktet ved sida av? I kva rekkefølge les du tekstbitane? Noko som blir tydeleg, er korleis hjernen vår arbeider hardt for å rydde og skape ein samanheng – ei forteljing. Sjølv om orda og delsetningane er forståelege kvar for seg, er dei stokka om og etterlèt oss i villreie, som på isflak som flyt frå kvarandre så snart vi freistar å gå tørrskodde mellom dei. I debutboka siterte Berge Wittgenstein: «Glem ikke at selv om poesien er skrevet på informasjonens språk, brukes den ikke i informasjonens språkspill.»

Dette diktet stod første gong på trykk i 2016-utgåva av den årlege diktantologien Den engelske kanal, som blei redigert av Jørn H. Sværen i åra 2013–2019 (Kolon forlag). Berge har vore ein fast bidragsytar til Sværens ulike poesiprosjekt, anten som poet eller som omsettar. Det seinaste prosjektet heiter «Gresshoppene har ingen konge» og er eit genialt publiseringsprosjekt som ikkje finst på eiga hand, i eitt eige medium, men kjem ut med ujamne mellomrom i ulike andre tidsskrift, som ein gjest eller ein parasitt, alt etter korleis ein ser det.

Poesien er eit rom å tenkje i, særleg om ein vil tenkje utanfor boksen: vende opp ned, gjere om, gje seg over.

Fortellingen uteblir

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement