Diktet
Diktet: Gunnar Larsen
Foto: NTB
Ei tilsidesett bok i norsk lyrikk er Berømte elskovspar (1951), under Gösta Hammarlunds namn, «med tekster av Kollskegg». Her finst 57 dikt med heilsides illustrasjonar til, av Dagbladets Gunnar Larsen, som brukte dette pseudonymet.
Para går frå Adam og Eva til Muhammed og de fire konene, via Sokrates, Henrik VIII, August Strindberg, Hamlet, Wergeland, Don Quijote, Rasputin – og deira medfølgjande partnarar. Her er valt tre tekstar.
«Noa og fru Noa» – namnet til frua vert aldri nemnt. Rima gjev seg sjølv: én av/ pen av. To av/ Noa/ boa = eit prydplagg, smal krage av pels, til å bera om halsen, gjerne av sølvrev. Noa bygde ei ark og tok dyra parvis om bord, sidan heile jorda vart fløymd av regn. Då vatnet sokk, steig Noa i land og vart vinbonde, drakk seg grådig rusa.
Peter Paul Rubens i Antwerpen (1577–1640), leiande barokkmålar, Hélène Fourment stod modell for han dei ti siste åra av livet hans, svært produktiv, hoffmålar, mange avkledde damer i hans bibelske og historiske motiv, sett bakfrå. Slik Gunnar Larsen såg det: «kubens/ fylde var alltid konstant hos Rubens». Synd at ikkje Hammarlunds illustrasjon inngår i Dag og Tid.
«Abraham og Sara», frå Bibelen – igjen oppfinnsame rim: Sara jo /Farao; flittig scoring/ som nitti-åring; telttur til Mamre/ barn med det samre. Flittig scoring – kan det vera eit slanguttrykk for samleie? Mamre – ein eldgamal religiøs stad i Hebron ved Jerusalem, heimen til Abrahams der han bygde eit altar for Gud. Samre er dialektisk for same, ordet vert iallfall brukt på Austlandet.
Noa og fru Noa
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.