Diktet
Diktet: Gunnar Wærness
Foto: Vidar Ruud / NTB
Sola stig, tyngdekrafta dreg, og diktet (og diktaren) kjem til verda. Det startar med solgløtt over horisonten og endar tungt «i en gryte av fattigdom/ på et bord/ av jord». Å bli skapt er å bli jordbunden. Få sjølvkjensle og språk, men òg vere prisgitt tilhøva.
Diktet er å finne i den makelause utgjevinga Å skrive er å be om for mye. Dikt og masker 1988–2020, av Gunnar Wærness, fødd i Heimdal i 1971, no busett i Sverige. Det er ei raus samling av tidlegare upublisert materiale frå skrivarverkstaden som, saman med kommenterande notar, viser fram poeten in the making: korleis poeten blei skapt og stadig omskapt.
Dette diktet er del av eit manus han kallar «El Mono», som handlar om erfaringar frå Bulgaria, der Wærness budde ein periode på slutten av 90-talet. Han flytta dit for å skrive poesi i fred, trudde han, men hamna midt i eit økonomisk og sosialt katastrofeområde: «jeg kunne ikke fått en bedre utdannelse».
Heilt sidan den prislønte debuten Kongesplint i 1999, har Wærness vore ein av dei mest nyskapande poetane her til lands (trass i at han ikkje har budd her sidan 2004). Han skriv seg gjerne inn mot andre kunstartar, som teikneserie, musikk og kabaret, inn mot andre språk, og med eit kritisk blikk mot eigen posisjon. Slik har han utvida den norske poesien og vist at «norsk poesi» ikkje kan avgrensast til dikt skrivne om og innanifrå ei norsk boble.
I den seinaste bok si, Ta på Jesus (2021), gjer han ei nytolking av ein salme tonesett av Dietrich Buxtehude (ca. 1637–1707), eit tingingsverk frå Kapittel-festivalen. Dette gav Wærness pengar nok til å få vatn i kranane på ein skule i Zimbabwe, der han har vore med på å byggje opp ei musikklinje. Honoraret for boka skal løne ein lærar og skaffe ein skulebuss, fortel han i eit eventyrleg lærerikt essay i boka.
Wærness skriv verdsvend poesi (pluss) som er tankevekkande på meir enn eitt vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.