Diktet

Diktet: Henrik Wergeland

Publisert Sist oppdatert

Henrik Wergeland, vår mangslungne diktar, vart Noregs første riksarkivar i januar 1841 – formelt som byråsjef i Finansdepartementet, ei stilling han hadde til han døydde i 1845. Dette var den einaste embetstittelen han fekk i sitt liv. Som cand. theol. var det prest han hadde utdanna seg til, men eit uvørde privatliv blokkerte for ei slik stilling. Diktet «Smukke Skyer» fortel om dette vonbrotet.

Wergeland treivst som riksarkivar, med kontor på Akershus festning. Oppfinnsam som han var, skreiv han eit dikt om sjølve yrket: «Archiv-Vise», å syngje til melodien «Gubben Noa». Slik fleire andre dikt også gjekk på same melodi – her opninga på hans «Skinke- og Sylte-Vise»: «Julegrise/ Julevise/ har fortjent at faa./Hvis Princip for Dyder/eget Offer byder,/hvem kan taale/vel at maale/sig med Grisen saa?».

Sjølv om det å sitja på eit støvfullt kontor heile dagane hadde sine sider: «Nattens Fugle,/ Ravn og Ugle/ føre bedre Liv» – nemleg ute i det fri. Men arkivaren, han arbeider for fedrelandet: «Æressagn han henter/frem af Pergamenter» – om enn omgitt av støv: «Han i det jo finder/ Norges Hædersminder./ I sin Kjælder/ boer han heller/ end blant Rankens Løv».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement