Diktet
Diktet: Inger Hagerup
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
«Jeg våknet av at noe/ var utenfor i natt./ Det surklet og det sukket/ så underlig forlatt.// Det var den gamle vinter/ som gikk og sa farvel.»
Eg vakna av drypp frå takskjegget og mars i sikte, og tenkte: Inger Hagerup! Det vesle diktet «Han tør» frå samlinga Strofe med vinden (1959) fekk meg altså på sporet av «Diktet» denne veka, men før eg kom så langt, stogga eg ved eit dikt frå same samling som eg ikkje kunne gå forbi.
«I et landskap» er eit makelaust dikt, ikkje minst om ein høyrer Hagerup sjølv lese det høgt (søk på Nrk.no), då det verkeleg kjem til sin rett i den hagerupske intonasjonen. I dette diktet har ho sameina det konkrete, det lyriske, det metafysiske og det eksistensielle på ein måte som få andre kan gjere betre.
Det er eit dikt som opnar for undring og uvisse om eigne sanseinntrykk og ei oppleving av å vere eit blaff i tida. Samstundes skaper synet – eller lukta – av eit epletre i si flyktige blomstring kontakt med tidlegare levde kvinneliv, slik den sansevare kan ane spor av levd liv i mest alt ikring oss. Avslutninga får det til å søkke i meg, men er likevel lett og open: Kva og kven får vi høyre og sjå, om vi tek oss tid til å sanse landskapet kring oss? Kva for røyster og lagnader vil openberre seg, utan at dei lèt seg gripe?
Eg er ikkje aleine om å sette dette diktet av Inger Hagerup høgt. Spaltekollega Jan Erik Vold skreiv flott om diktet i ei helsing til Hagerup på 70-årsdagen i 1975 og kalla det «et av de fineste diktene jeg vet overhodet, det kan være fint å rime, òg!». Teksten hans er òg verd eit gjensyn, men aller viktigast: Les og lytt til Inger Hagerup på ny og på ny, ikkje tru at du har høyrt og sansa alt ho har å seie deg.
I et landskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.